Ho har styrt med barnehagar i 43 år

- Eg gler meg over alle dei kompetente medarbeidarane, seier styrar i Stranda barnehage Sølvi Anita Schei som har arbeidd i barnehagar i 43 år. No er ho klar for pensjonisttilværet. Miriam Haugstad Blomvågnes tek over som leiar i Stranda barnehage frå august.

Sølvi Anita Schei (til venstre) og Miriam Haugstad Blomvågnes utanfor Stranda barnehage - Klikk for stort bileteSølvi Anita Schei (til venstre) og Miriam Haugstad Blomvågnes utanfor Stranda barnehage

Nytt innan barnehagefeltet er det også at frå 15. august vert Hamramyra barnehage og Ågotnes barnehage eín barnehage med namnet Ågotnes barnehage. 

I midten av juli rundar Sølvi Anita Schei av ein lang yrkeskarriere i Sund og seinare Øygarden kommune. Ho har vore styrar i Stranda barnehage heilt sidan ein forsiktig start i 1982 då Stranda husmorlag og andre organisasjonar etablerte eit barnehagetilbod. 

I 1995 vart barnehagen kommunal og utvida frå korttids- til heildagsbarnehage, og i 2005 kunne ein ta i bruk utbygd barnehage. Barnehagen er gradvis utvida og har i dag seks avdelingar.

No kan Sølvi sjå tilbake på 43 gjevande år.

- Det har vore spennande å følgja utviklinga. Gjennom desse åra har kvinnene i større og større grad delteke i arbeid utanfor heimen, og det har vore eit aukande behov for å tilby barnehageplass. For meg er det viktig å understreka at barnehagen skal vera eit supplement og ikkje erstatta heimen, seier ho.

I dag er det om lag 30 tilsette (om lag 20 årsverk) på Stranda barnehage.

- Eg gler meg over alle dei kompetente medarbeidarane i barnehagen, og eg vil gjerne takka dei alle for det dei har gjort for barna, seier Sølvi Anita Schei. 

Barnehagesjef Trond Heggestad takkar Sølvi for den innsatsen ho har lagt ned for barn og tilsette over så mange år. 

- Ho har leia med varme, og er ein klok og lyttande leiar som har hatt stor omsorg for sine tilsette. Sølvi har skapt eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø i Stranda barnehage. Eg vil ønskje henne lukke til i den nye kvardagen som pensjonist, seier Heggestad.

Samstundes ønskjer han Miriam Haugstad Blomvågnes hjarteleg velkomen som ny einingsleiar i Stranda barnehage. Ho har vore assisterande styrar i Stranda sidan 2017 og tek no over sjefsstolen når Sølvi pensjonerer seg. 

- I Miriam får vi ein tydeleg og modig leiar, ein organisator som har god kjennskap til system og interne rutinar, men samstundes er klok, rettferdig og raus. Vi trur Miriam vil gjera ein god jobb med mellom anna å syta for god kvalitet og skapa utviking i tenestetilbodet, i lag med dyktige tilsette i Stranda barnehage, seier Trond Heggestad.

Miriam Haugstad Blomvågnes seier at ho er takksam for tilliten og gler seg til å ta fatt på jobben. 

- Det er ei krevjande stilling, og det vert spennande med dei nye utfordringane som følgjer med, seier ho.

Slår saman to barnehagar

Den 15. august vert Hamramyra barnehage og Ågotnes barnehage slått saman til eín barnehage. Dei to barnhagane ligg vegg i vegg, og med nytt gjerde og nye portar får barna boltra seg i eit stort fellesområde. Den nye barnehagen vil ha ein kapasitet på 10 avdelingar og vert den største barnehagen i Øygarden.

Vivian Ones Ekerhovd ved innkøyringa til Hamramyra barnehage og Ågotnes barnehage som vert eín barnehage frå 15. august. - Klikk for stort bileteVivian Ones Ekerhovd ved innkøyringa til Hamramyra barnehage og Ågotnes barnehage som vert eín barnehage frå 15. august.

Noverande styrar på Hamramyra, Vivian Ones Ekerhovd, vert styrar (100 prosent) for den nye samanslåtte barnehagen. Helen Fjereide Pfeiffer, vert pedagogisk leiar (50 prosent) og konstituert assisterande styrar (50 prosent fram til nyttår) i den nye samanslåtte barnehagen. June Henriksen held fram som assisterande styrar (50 prosent fast) og konstituert assisterande styrar (50 prosent) til nyttår. Stillinga som assisterande styrar (delt stilling) vert lyst ut i løpet av hausten.

Fjereide Pfeiffer var vore konstituert styrar på Ågotnes barnehage etter at Tove Sørensen slutta som styrar i august 2023.

Vivian Ones Ekerhovd er trygg på at denne endringa vil gå fint. 

- Vi har vore to gode naboar i mange år. Begge barnehagane har noko som den andre manglar, og ved denne samanslåinga vil vi utfylla kvarandre. Vi tenkjer stort sett likt og er samde om satsingar og prioriteringar, seier Vivian.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Trond Heggestad og Vigleik Brekke