Høgaste vekst i folketalet sidan kommunesamanslåinga
I løpet av 2023 auka folketalet med 400 personar, i følgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ved utgangen av 2023 budde det 39 768 personar i Øygarden kommune.
Foto: ColourboxFødselsoverskotet bidrog med 120 nye innbyggarar, medan innanlandsk nettoinnflytting førte til 274 nye personar i Øygarden. Nettoinnvandring utgjorde berre ni personar dette året. Trenden dei siste fire åra viser meir innflytting og mindre utflytting (innanlandsk), men også lågare fødselsoverskot.
Auken i folketalet utgjer 1 prosent vekst. Dette er den høgaste vekstraten sidan vi vart ny kommune i 2020. Til samanlikning var vekstraten i fjor lågare i Bergen (0,9 prosent), Askøy (0,5 prosent) og Alver (0,2 prosent) enn i Øygarden. I Bjørnafjorden var derimot vekstraten nesten dobbelt så høg (1,9 prosent).
Øygarden kan venta ei endring i den demografiske samansettinga i åra framover, med fleire eldre og færre barn og unge. I løpet av 2023 kan vi sjå at aldersfordelinga blant innbyggarane har endra seg. Medan talet på personar over 80 år auka med 113 personar, vart det i løpet av året 106 færre barn i barnehagealder, og 33 færre barn i grunnskulealder.

Endring i funksjonelle aldersgrupper 2023-2024. Kjelde: SSB tabell 07459.
Tekst: Kristina Espeseth
Foto: Mostphotos
Publisert 22.02.2024 10.00