Hundrevis deltok i opninga av undergang

Elevar og tilsette på Danielsen barne- og ungdomsskule, barn frå Løveparken barnehage, gjester og andre interesserte fylte opp heile området framfor undergangen/kulverten i Idrettsvegen under den offisielle opninga i dag. Dette vart ein festdag i strålande sol.

Eit kor samansett av dei fire første årstrinna framførte songen Male himlen blå - Klikk for stort bileteEit kor samansett av dei fire første årstrinna framførte songen Male himlen blå

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at dette eigentleg var eit prosjekt han som politikar ikkje hadde lova.

- Her tok eg nok feil, og eg vil mellom anna takka KrF for dette resultatet. Eg er glad for at kulverten er her i dag. Vi fekk heldigvis inn dette prosjektet som ein del av Miljøløftet. Danielsen er litt av årsaka til at vi står her i dag. Skulen har kjempa for denne kulverten, sa ordføraren som minna om at dette er det første fullførte Miljøløftet-prosjekt i Øygarden.

Ordførar Tom Georg Indrevik skar av snora. Til høgre, Herdis Heggen.

Syklar nesten kvar dag

Det yrte av folk ved Idrettsvegen i dag. Femte, sjette og sjuande trinn fekk delta i konkurransar, og ein av dei som fekk sykkelen sin sjekka av Basecamp Sykkel, var Simon på sjuande trinn.

- Eg syklar til skulen nesten kvar dag. Med denne undergangen slepp eg å passera to gangfelt og får dermed tryggare skuleveg. I tillegg vert skulevegen kortare, og eg kjem raskare fram. Når sjekken av sykkelen er ferdig, skal eg prøva meg på sykkelløypa, seier Simon.

Simon får sykkelservice frå Joachim Vågseth Dalland i Basecamp Sy - Klikk for stort bileteSimon fekk sykkelservice frå Joachim Vågseth Dalland i Basecamp Sykkel.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis sa at kulvert er ein undergang som gjev oss ein trygg snarveg.

- Undergangen skal gjera det lett å bevega seg til fots eller på sykkel. Vestland fylkeskommune er stolt av partnarskapet i Miljøløftet. Dette er ikkje eit stor prosjekt, men det viktigaste er at de skal ferdast trygt. Ta vare på undergangen og behandla han like fint som rommet ditt og stova heime, sa fylkesvaraordføraren.

Sykle til jobben

Trudi Jemine Aaltvedt i Bedriftsidretten Vestland viste til at for 50 år sidan starta ein opp med Sykle til jobben. I dag, 3. mai startar Sykle til jobben. Denne lågterskelkonkurransen varer i seks veker framover til og med 16. juni.

- Dette har utvikla seg frå eit reint sykkeltiltak til ein heilskapleg aktivitetskonkurranse. Vi samarbeider med kommunar i heile landet. Det er gratis å delta for alle som bur i Øygarden kommune. La dette verta tidenes aktivitetsfest, sa Alltvedt.

Sykkelløypa var populær. - Klikk for stort bileteSykkelløypa var populær.

Det var Marius Straume (10. klasse) og Herdis Heggen (7, klasse) som heldt i snora då ordførar Tom Georg Indrevik skar av snora med miljøløftekniven. Herdis og dei andre elevane hadde sykkel med seg til skulen i dag.

- Ettersom eg bur på Ulveset, er det for langt å sykla til og frå skulen. Eg syklar til vener og saman med vener. Det er gang- og sykkelveg mot Møvika, og eg kjem meg difor trygt til forretninga der, seier Herdis.

Opningsarrangementet vart avslutta med stort kor samansett av elevane på dei fire første årstrinna. Dei framførte songen «Male himlen blå».

Trygg Trafikk gjennomførte quiz og sykkelkonkurranse i samarbeid med skulen og leverte ut premiar og teinkebøker til barn frå Løveparken barnehage som også var med på den store festen onsdag. Vest Næringsråd ordna med gevinstar. Også Miljøløftet markerte seg med stand på opningsarrangementet som vart trygt leia av Unni Sørensen.

Striper av Frode Øverli

Det som er nokså spesielt med den nye kulverten på Straume, er Pondus-stripene på begge sidene i undergangen. Totalt er det hengt opp 24 kvadratmeter med Pondus-humor på veggene.

- Eg har nok ikkje vore med på noko liknande før. Eg håpar det ikkje kjem andre kunstnarar og prøver seg her og trur dei kan betre, ler Frode Øverli.

Ordførar Tom Georg Indrevik og Frode Øverli - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og Frode Øverli.

Rådgjevar Råmund Skjold opplyser at prosjektet vart lyst ut like over nyttår 2022. Arbeidet starta opp i august.

- Det er gjort eit godt arbeid, og vi har fått eit fint anlegg. Det er gjennomført innanfor ramma på 10,6 millionar kroner (ekskl. meirverdiavgift), opplyser Skjold.

Avdelingsingeniør Terje Dolvik i Øygarden kommune takka Miljøløftet og entreprenør for arbeidet. Han meiner undergangen er fint utforma og vil vera eit løft for heile området.

Frå klokka 16.00 var det også aktivitet i området. Då kom barn og ungdom på veg til trening.

Frå stasjonen til Trygg Trafikk - Klikk for stort bileteFrå stasjonen til Trygg Trafikk

Her er fleire bilete frå opningsarrangementet:

Fylkesvaraordførar Natalia Golis - Klikk for stort bilete
Trudi Jemine Aaltvedt i Bedriftsidretten Vestland  - Klikk for stort bilete
Marius Straume (10 kl.) var den eine eleven som heldt i snora. - Klikk for stort bilete
Herdis Heggen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Det var stor kø for å få servicesjekk på sykkelen. - Klikk for stort bilete
Kjell Sandal (til venstre) og Arne Aase arrangerte konkurranse og delte ut premiar. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Miljøløftet hadde eigen stand. Hedvig Lyngedal og Maria Bolseth  - Klikk for stort bilete
Silvia Haugland og Råmund Skjold - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Arne Aase og Kjell Sandal - Klikk for stort bilete
Dagleg leiar Anette Kålås i Basecamp hadde saman med Joachim Vågseth Dalland og Alexander Espeland hadde ein travel dag. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke, Jannicke Bergesen Clarke, ordførar Tom Georg Indrevik og Frode Øverli. - Klikk for stort bilete
Frå venstre Arild Bøthun (Sartor Drange),  Svenn Smørås (Sartor Drange), Terje Dolvik (Øygarden kommune og Kåre Bjorøy (Sartor Drange). - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Jannicke Bergesen Clarke fekk æra av å ta det første kakestykket. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Unni Sørensen og Vigleik Brekke