Hyllest til samarbeidet

Torsdag føremiddag kunne fylkesordførar Jon Askeland skjera av snora for å markera opninga av veg- og trafikksikringsutbetringa på fylkesveg 560 mellom Beinastaden og Dala.
- Dette er ein hyllest til samarbeidet, sa fylkesordføraren.

Fylkesordførar Jon Askeland skar av snora. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Jon Askeland skar av snora.

I statsbudsjettet for 2020 var det sett av midlar i ei tilskotsordninga for fylkesvegar som er viktige for næringstransport. Seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune, Gunhild Vangsnes, forklarte at denne vegen er viktig for næringslivet og delar av strekninga er utfordrande, ikkje minst gjeld det for tunge køyretøy som skal passera Krossleitet om vinteren.

Prosjektet har gjeve utbetring av 1,6 kilometer veg på fem ulike punkt og 700 meter gang- og sykkelsti. Kontrakten vart tildelt i april 2022, og arbeidet vart gjennomført i perioden august 2022 til 23. juni 2023 innanfor kostnadsramma.

Mykje for pengane

Masseoverskotet kunne nyttast til opparbeiding av parkeringsplass for Fjell festning (kommunalt prosjekt). Vassbakk & Stol var totalentreprenør for prosjektet (inklusive parkeringsplass) med ei totalramme på 45 millionar kroner. ØyVAR fekk lagt ned vatn- og avløypsrøyr på delar av strekninga. Staten har bidrege med 40 prosnet, medan fylkeskommuenen tek 60 prosent av kostnadene,

- Dette er ein hyllest til samarbeidet og ein hyllest til å sjå moglegheitene. Dette er eit plussprosjekt. La nota gå – det er fisk i sjø, sa fylkesordføraren,

Han meinte at ein både må vera tolmodig når det gjeld dei store prosjekta og jobba med det som gjev rask forbetring slik dette prosjektet er eit døme på.

- Me kjem til å gjera meir i Øygarden. Eg tenkjer på behovet langs Kørelen lengre sør, vegen på vestsida og i nord ved Dale bru, sa Jon Askeland.

Krossleitet har vore krevjande for tungtransporten om vinteren. - Klikk for stort bileteKrossleitet har vore krevjande for tungtransporten om vinteren.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at dette prosjektet viser at fylkeskommunen, staten og kommunen kan løysa oppgåver saman.

- Vi har fått litt gang- og sykkelveg, litt veg og parkeringsplass for 45 millionar kroner. Fylkesordføraren er velkomen tilbake til Øygarden på slike oppdrag som dette. Eg vil også gje ros til dei som har avstått grunn, sa ordføraren som gav blomar til grunneigar Svein Fjell.

Avdelingsleiar i Vassbakk & Stol AS, Bjørn Lindstad, takka for oppdraget.

- Vi er veldig glade for å kunna tilby jobb til dei som bur i Øygarden. Gjengen har gjort ein knallgod jobb. Eg vil også retta ein stor takk til trafikantane som har vore tolmodige i anleggsperioden, sa Lindstad som slo til med å framføra arbeidsmannen Ola Tveiten.

Video

Her er fleire bilete:

Jon Askeland og Hogne Hole (kommunepolitikar)  - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Bjørn Lindstad - Klikk for stort bilete
Gunhild Vangsnes - Klikk for stort bilete
Seksjonssjef for infrastruktur i Vestland fylkeskommune, John Martin Jacobsen og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Therese Skårnes Borgen (samfersel) og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Gruippe - Klikk for stort bilete
Svein Fjell og Tom Goerg Indrevik - Klikk for stort bilete
Jon Akseland og Hogne Hole (kommunepolitikar)  - Klikk for stort bilete
Prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune, Bernt Vallestad,  vert takka for innsatsen. - Klikk for stort bilete
Vassbakk & Stol vert takka for godt samarbeid - Klikk for stort bilete
Veg - Klikk for stort bilete
Veg - Klikk for stort bilete
Veg - Klikk for stort bilete
VEg - Klikk for stort bilete
Veg - Klikk for stort bilete