I dag starta ferda til Ukraina

Måndag ettermiddag køyrde brannkonstabel Torbjørn Borgen om bord i danmarksferja. Som sjåfør syter han for at ein godt utstyrt brannbil kjem trygt fram til byen Lviv i Ukraina.

 Måndag ettermiddag sette Torbjørn Borgen seg bak rattet for å starta turen til Ukraina. - Klikk for stort bileteMåndag ettermiddag sette Torbjørn Borgen seg bak rattet for å starta turen til Ukraina.

Øygarden brann og redning (ØBR) har brukt den 22 år gamle utrykkingskøyretøyet heilt fram til det siste. I samband med innkjøp av ny brannbil, vart det tidlegare i år vedteke i kommunestyret at bilen skulle donerast til Ukraina.

- Krigen i Ukraina er eigentleg ikkje så langt borte frå oss, og det er kjekt å gje noko som kan vera til nytte i Ukraina. Eg er interessert i kva som skjer rundt om i verda, og eg vil gjerne ta oppdraget med å køyra brannbilen til Lviv og gje opplæring i bruk av bilen, seier Torbjørn Borgen som reiser til Ukraina i fritida si.

Han skal køyra rundt to tusen kilometer før han i løpet av veka returnerer til heimlandet. Brannbilen skal brukast i brannvernet i byen Lviv som har 750 tusen innbyggjarar.

Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Torbjørn Borgen (ØBR), Jarl Hestad, (ØBR) Bjarte Rebnord (ØBR), kommunalsjef for Organisasjon og sikkerheit Anne-Merete Vabø Haugane og Einar Magerøy (ØBR).

- Gjer ein forskjell

Ordførar Tom Georg Indrevik viser til at det var eit samrøystes kommunestyre som vedtok å donera brannbilen til Ukraina.

- Vi er med og gjer ein forskjell med dette. Eg er trygg på at denne brannbilen kan nyttast i mange år framover, seier ordføraren.

Fjordline fraktar bil og sjåfør vederlagsfritt frå Bergen til Danmark. Equinor Kollsnes/Sture har bidrege med å fylla opp brannbilen godt med utstyr. Varabrannsjef Bjarte Rebnord seier at brannbilen har vore i drift heilt fram til i dag. Bilen er godt vedlikehalden og har vore brukt til utrykking.

- Hadde vil ikkje donert bilen til Ukraina, hadde alternativet vore å selja bilen, seier Rebnord.

Mariia Zaitzeva frå Kyiv var rørt over gåva frå brannvernet i Øygarden. Til høgre ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteMariia Zaitzeva frå Kyiv var rørt over gåva frå brannvernet i Øygarden. Til høgre ordførar Tom Georg Indrevik.

Mariia Zaitzeva, som deltok på introduksjonskurset på brannstasjonen denne dagen, var tydeleg rørt over at denne brannbilen no skulle køyrast til Ukraina.

- Dette er fantastisk. Det er stort for meg å oppleva dette og sjå sjåføren gå med T-skjorte med «Fritt Ukraina». Eg er trygg på at denne bilen kjem godt med, seier Mariia.

Ei gruppe ukrainarar deltok på introduksjonskurs på brannstasjonen på måndag. Her er dei saman med varabrannsjef Bjarte Rebnord og ordførar Tom Georg Indrevik framfor brannbilen som er donert til Ukraina. - Klikk for stort bileteEi gruppe ukrainarar deltok på introduksjonskurs på brannstasjonen på måndag. Her er dei saman med varabrannsjef Bjarte Rebnord og ordførar Tom Georg Indrevik framfor brannbilen som er donert til Ukraina.


Tekst og foto: Vigleik Brekke