- Ikkje gjer dette heime

Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg i bodskapen då han snakka til elevar på Fjell ungdomsskule og Sotra vidaregåande skule på grusbanen på Bildøyna måndag etter middag. Miljøløftet og Øygarden kommune samarbeider om Mobilitetsveka 2024 der elevar mellom anna får sjå sykkelshow av ypparste klasse.

Eirk Ulltan frå Moow imponerte saman med Joachim Skjævestad med krevjande trial - Klikk for stort bileteEirk Ulltan frå Moow imponerte saman med Joachim Skjævestad med krevjande trial.

På Bildøyna var det artistane frå Moow, Eirik Ulltang og Joachim Skjævestad, som viste fram halsbrekkande sykkelnummer. På Spildepollen fekk elevane sjå freestyle-syklisten Erik Tesdal boltra seg i sykkelparken. Nokre elevar fekk også prøva seg på sykkelen til Erik.

Ordføraren viste til Basecamp som alltid er med på Mobilitetsveka og bidreg med sykkelservice og Miljøløftet som har som eitt av måla å få fleire til å sykla. Men han ville ikkje utan vidare tilrå at elevane prøvde seg med dei sykkelnumra som Ulltang og Skjævestad framførte.

- Ikkje gjer dette heime. Vi arbeider med å få redusert biltrafikken. Det kan vi gjera ved å sykla. I samband med det nye sotrasambandet vil vi få 5,5 meter brei sykkelveg. Det må bidra til at vi finn fram sykkelen, sa Tom Georg Indrevik.

I Sund var det Erik Tesdal som viste seg fram. Han framførte freestyle på den flotte sykkelparken like ved skulen.

- Eg gler meg kjempemasse til sjå han i aksjon, sa varaordførar Anita Garlid Johannessen som representerte kommunen på arrangementet der.

Basecamp stiller alltid opp. Her ved Ragnar Hansen (til venstre) og Alexander Espeland. - Klikk for stort bileteBasecamp stiller alltid opp. Her ved Ragnar Hansen (til venstre) og Alexander Espeland.

Mobilitetsveka 2024 i Øygarden held fram med gratis lunsjseminar onsdag 18. september kl. 11.00-12.30 der temaet er «Smarte reiser – betre trafikkflyt». Der vil du mellom anna få vita meir om samkøyring (Nabogo) og prosjektet «God trafikkflyt». Les meir og meld deg på her.

Her er fleire bilete:

Joachim Skjævestad - Klikk for stort bilete
Joachim Skjævestad - Klikk for stort bilete
Erik Ulltang - Klikk for stort bilete
Joachim Skjævestad - Klikk for stort bilete
Joachim Skjævestad - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Erik Testdal signerte på refleks - Klikk for stort bilete
Erik Testdal - Klikk for stort bilete
Varaordførar Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bilete
Frå venstre: Rådgjevar Øygarden kommune Unni Sørensen, varaordførar Anita Garlid Johannessen og Sturla Kverneng frå Miljøløftet - Klikk for stort bilete
Frå markeringa på Spildepollen - Klikk for stort bilete
Ida Kristoffersen frå Miljløftet delte ut refleks til elevane. - Klikk for stort bilete
Erik Testdal - Klikk for stort bilete
Erik Testdal - Klikk for stort bilete
Erik Testdal - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke