- Ikkje vent for lenge med å oppretta fredingsområde!

Det var stor interesse for folkemøtet i Telavåg tysdag kveld der spørsmålet om oppretting av fredingsområde for hummar stod på dagsorden.
- Det hastar med å få på plass dette, seier Karsten Øvretveit som er ein av initiativtakarane til møtet. Rundt 60 personar møtte opp i amfiet på Nordsjøfartmuseet.  
 

Øyvind Fiksen, Tom Georg Indrevik og Terje van der Meeren - Klikk for stort bileteØyvind Fiksen, Tom Georg Indrevik og Terje van der Meeren

Fisket etter hummar er stort langs vestlandskysten, og Fiskeridirektoratet meiner at fangstintensiteten har auka vesentleg dei siste åra. Som eit tiltak for å sikra hummarbestanden på lang sikt ønskjer Fiskeridirektoratet at alle kommunar skal ha eit fredingsområde på minst ein halv kvadratkilometer. 

To forskarar frå Havforskingsinstituttet presenterte erfaringar frå innføring av fredingsområde på hummarbestanden og fiske av hummar i nærområda

Det hastar

På møtet vart det stilt fleire spørsmål frå salen, men det var ingen som gav tydeleg uttrykk for at dei var imot å oppretta eit fredingsområde.

- Vi vil gjerne har eit fredingsområde her i Telavåg. Eg tykkjer det er lenge til å venta til 2027 før det kan gjerast eit vedtak, seier Karsten Øvretveit.

Bakgrunnen for at året 2027 vart trekt fram, er arbeidet Øygarden kommune har teke fatt på når det gjeld arealdelen til kommuneplanen. Målet er at planen skal vedtakast i 2027.

- Som kommune må vi ha eit langsiktig perspektiv. Vi skal kunna fiska hummar her ute også om 30-40 år, sa ordførar Tom Georg Indrevik innleiingsvis i møtet og sa at ein skulle sjå på sjøområda under eitt i arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

Etter innlegg frå forskarar og dei frammøtte i salen opplyste ordføraren at kommunen skal ha møte med Statsforvaltaren i slutten av januar.

- Vi vil då ta opp spørsmålet korleis vi kan følgja opp ein prosess med fredingsområde for hummar. Eg forstår at vi kanskje må jobba raskare enn vi har tenkt så langt, sa ordføraren etter at fleire av dei som tok ordet frå salen var utolmodige. 

Karsten Øvretveit vil ha fredingsområde på plass så fort som mogleg. - Klikk for stort bileteKarsten Øvretveit vil ha fredingsområde i Telavåg på plass så fort som mogleg.

Forsking viser at fredingsområde gjev effekt

Forskar på Havforskingsinstituttet, Alf Ring Kleiven, hadde innlegg digitalt. Han sa at det i dag er om lag 50 fredingsområde for hummar langs kysten. Han viste til forsking knytt til eit fredingsområde i Flødevigen langs Skagerrakkysten. 

- Forsking viser at nullområde (fredingsområde) har ein bevaringseffekt og gjev høgare produktivitet. Potensiala for å bevara område er gode sjølv om arealet er avgrensa. Sjølv ein storleik på mellom ein halv og eín kvadratkilometer kan ha bevaringseffekt, sa Ring Kleiven.

Prosjekt i Austevoll

Forsakar Terje van der Meeren på Havforskingsinstituttet viste til eit prosjekt med fredingsområde for hummar i Austevoll. Dette området er på 1,5 kvadratkilometer og ligg på Trollsøy nord i kommunen. Kommunestyret vedtok freding i 2014 og fredingstida var mellom 2018 og 2023. No er fredingsområdet forlenga på ubestemt tid. 

Meeren har utarbeidd ein rapport om prosjektet. 

- Ut frå storleik og tal hummar har reproduktivt potensiale i fredingsområdet ved Trollsøy auka med meir enn fem gonger over ein periode på fem år. Eldre og større hummar legg oftare egg enn yngre hummar og egga har høgare energiinnhald, sa han.

Resultata viser generell auke i fangseffektivitet i fredingsområdet i forhold til referanseområdet som ligg sju-åtte hundre meter sør for fredingsområdet. I tillegg til auka fangseffektivitet, aukar storleiken på hummaren, sa Terje van der Meeren.

Meeren viste til at det har vore brei folkeleg og politisk semje om dette prosjektet i Austevoll. Havforskingsinstituttet føreslår å oppretta to ytterlegare fredingsområde i kommunen.

Frå møtet. - Klikk for stort bileteRundt 60 personar deltok på møtet.

Møtet vart leia av Øyvind Fiksen. Han er har tilknyting til Telavåg og er professor i marinbiologi og visedekan for hav på Universitetet i Bergen .

- Eg vil gjerne nytta studentar til å ta studie på eit fredingsområde for hummar her ute, seier Fiksen.

Les meir om fredingsområde for hummar her (ekstern lenkje til heimesida til Fiskeridirektoratet. 

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke