Imponert over innsatsen

Ordførar Tom Georg Indrevik gratulerer dei lokale laga frå Øygarden med eineståande flott innsats i Norway Cup. Sotra SK/Telavåg jenter 16 vann sølvmedalje, medan gutar 17 Sotra SK vann bronsefinalen på laurdag.

Sotra SK/Telavåg J16 - Klikk for stort bileteSotra SK/Telavåg J16

Totalt 36 lag frå Øygarden deltok i Norway Cup 2024. Øygarden IL, Nest-Sotra Fotball, Sotra Sportsklubb, Sund Sportsklubb og Skogsvåg IL deltok med totalt 36 lag (kjelde Vestnytt).

Tom Georg Indrevik understrekar at det vert satsa sterkt på alle nivå i fotballen og i andre idrettsgreiner i Øygarden.  

-    Dette har resultert i gode resultat i Norway Cup år etter år. Eg har først lyst til å takka alle frå Øygarden som deltok på turneringa dette året. Det var imponerande at samarbeidsklubblaget Sotra SK/Telavåg jenter 16 og gutar 17 til Sotra SK tok seg heilt fram til finalen og bronsefinalen. Eg gratulerer spelarane og heile treningsapparatet med medaljane og ein framifrå innsats i turneringa og ønskjer dei god tur tilbake over fjellet, seier ordføraren.

Også gutar 13 i Sotra Sportsklubb kom langt og enda på fjerdeplass i konkurranse med 162 andre lag i puljen.

Sotra SK/Telavåg J16 spelte finale mot Molde. Det stod 1-1 etter ordinær tid, og det måtte straffesparkkonkurranse til for å kåra ein vinnar. Molde vann straffesparkkonkurransen. Også mellom Sotra SK gutar 17 stod det 1-1 etter ordinær tid i bronsefinalen mot Muslim Hands FC. I straffesparkkonkurransen var det Sotra SK som strekte det lengste strået.

Sotra SK G17 - Klikk for stort bileteSotra SK G17

Leiar i fotball Sotra Sportsklubb, Stian André Larsen, seier at laga har vist ein fantastisk innsats i Norway Cup.

-    I vår klubb har vi aldri hatt så mange deltakarar i turneringa som dette året. Frå klubben har 265 spelarar delteke (298 inklusive lagleiarar og trenarar). Vi har hatt eit fantastisk samhald. Vi reiser alle saman. No skal vi ta fatt på turen tilbake, og dei fem bussane er framme i Øygarden i løpet av natta, sa Larsen laurdag ettermiddag like etter premieutdelinga.

Du kan lesa meir frå Norway Cup i Vestnytt.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Stian André Larsen