Indisk miljødelegasjon besøkte Landro skule

Fredag 13. september besøkte den verdskjende miljøforkjemparen Afroz Shah Landro skule. Afroz Shah har fått global merksemd for sitt engasjement for å unngå at naturen blir ei søppeldyngje fylt av plast. 

Frå samlinga på fredag. - Klikk for stort bileteFrå samlinga på fredag.

Han har mellom anna fått utmerkinga «Champion of the earth» av FN.  Under sitt besøk i Noreg har den indiske delegasjon både vore på besøk i Oslo, rydda plast i Sognefjorden og no altså var det Landro skule som tok godt i mot delegasjonen. I tillegg til dei prominente gjestane frå India var Kenneth Bruvik frå TAM, varaordførar Anita Garlid Johanessen, leiar for Vest næringsråd Kari-Anne Landro, skuleadministrasjon og frå fleire frå ulike akademiske miljø representert på samlinga på Landro.

Engasjerte elevane

I samlinga fekk elevane frå Landro skule vist seg frå si beste side. Dei viste stort engasjement både gjennom song, men også gjennom spørsmål og samtale med hovudpersonen sjølv, sjølvsagt på engelsk. Det var ingen tvil om at Afroz Shah sitt globale engasjement for å redusera forbruk av plast og anna som ikkje høyrer heime i  naturen, også slo godt an for elevane på Landro.

Afroz Shah har frå 2017 engasjert 200.000 elevar i arbeidet for å rydda kyststrøka i nærleiken av Mumbai for å rydda strender og natur for plast og anna avfall, slik at det ikkje kjem til skade for dyr og menneske som ferdast der. Han vil gjerne ha Noreg og Øygarden som samarbeidspart, for engasjementet i Noreg for å unngå forsøpling av kystområda er stort. 

Han håpar at både skilpadder, kvalar og menneske vil gå betre tider i møte og at verda med alle barn i spissen står saman for å unngå at plast blir eit trugsmål for livet både til vanns og lands for symjande, krypande og gåande. Landro skule er ein av skulane som viser veg for andre i dette viktige spørsmålet.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Tekst: Rune Golf