Inspirerande konferanse om bruk av IKT

Førre veke vart NKUL ( (Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring) arrangert i Trondheim. I år var Øygarden kommune representert med over 30 deltakarar. Dette var både leiarar og lærarar frå mange av skulane i kommunen.

Nokre av deltakarane frå Øygarden. - Klikk for stort bileteNokre av deltakarane frå Øygarden.

NKUL er Noregs største møteplass for den som har interesse for bruk av IKT i undervisning. NKUL har eit omfattande program over tre dagar, mange parallelle sesjonsrekker, inspirerande plenumsforedrag og ei stor utstilling. Det er første gong kommunen har hatt så mange delegatar til denne messa, og deltakinga var finansiert av pengar kommunen har fått øyremerka nettopp til digital kompetanseheving. Ein ønskjer både å auka den kollektive kapasiteten på digital kompetanse, samt gi ei oppmuntring til såkalla fyrtårnlærarar og IKT-ansvarlege som står i bresjen for digitalt arbeid på eigen skule.

Simen Spurkland - Klikk for stort bileteSimen Spurkland

Vidar Steffensen, avdelingsleiar på Tranevågen seier: «Først og fremst så var det fantastisk å vera samla med så mange lærarar frå Øygarden. Det var kjekt å knyta band og planleggja framtidig samhandling i eit kreativt miljø som motiverer oss til samarbeid. KI (kunstig intelligens) vart jo, naturleg nok, den store "snakkisen" i år. Vi reiser heim med ei større kjensle av at det kan føra til noko positivt heller enn eit stort problem for vår sektor. Automatisering av ein del "papirarbeid" kan gi oss meir tid i kvardagen til menneskeleg samhandling. Dette er berre noko av det eg sit igjen med».

Deltaking på ein slik konferanse gir mykje input og nytt driv, noko som dei deltakande lærarane igjen vil kunna ta med seg til sin eigen skule. Det var brei semje blant deltakarane at dette var både nyttig og inspirerande å vere med på. Ein lærer mykje og får også tid til å knyte nettverk, både lokalt og nasjonalt. Årets delegatar håper at dette ikkje er siste gong Øygarden sender ein stor delegasjon til Trondheim i mai.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Vidar Steffensen - Klikk for stort bilete
Nidelven - Klikk for stort bilete
Gløshaugen - Klikk for stort bilete
Magnus Nohr - Klikk for stort bilete

Tekst: Ingvild Vikingsen Skogestad