Invitasjon til samtalegruppe for pårørande til personar med demens
Er du pårørande til ein med demens-sjukdom?

I vår tilbyr Øygarden kommune samtalegruppe i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd med eit relasjonsbasert program for pårørande ved demens. Gjennom undervisning av ulike tema og reflekterande samtalar set vi saman søkelyset på å leva i ein uviss livssituasjon.
Her er nokre av temaa som vil bli belyst:
- Korleis navigera enklare i ein uviss situasjon.
- Dilemma, vanskelege val og dårleg samvit.
- «Å mista seg sjølv»: identitet og endra roller.
- Redsel, frykt og sorg – korleis finne fotfeste igjen.
- Korleis balansere i å ivareta seg sjølv og andre involverte.
Dato | Tid | Stad
Oppstart tysdag 22. april | Kl. 18.00 - 19.30 | Øygarden lokalmedisinske senter, kurslokale 2. etasje Friskliv og meistring.
Varigheit
Samtalegruppa er kvar tysdag i åtte veker.
Pris
Uforpliktande og kostnadsfritt dei første 2 gongane.
Eigenandel kr 250,- for heile programmet.
Ta kontakt ved spørsmål og påmelding
Alexandra Vik
Telefon: 909 59 396
E-post: alexandra@connectdem.no
www.connectdem.no

Hege Tveit
Telefon: 911 14 110
E-post: hege.tveit@oygarden.kommune.no
Publisert 10.03.2025 10.30