Inviterer til jobbmesse for flyktningar
Den 14. mai vert det invitert til ny jobbmesse i Øygarden. Målet er å få fleire flyktningar i arbeid. Jobbmessa er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd.
Frå jobbmessa i 2023For å få dette til, er det behov for fleire bedrifter som stiller opp og bidreg til at ein på jobbmessa kan presentera eit breitt og godt tilbod om arbeid til flyktningane.
- Vi har god dialog med Vest Næringsråd, og medlemene der er oppmoda om å presentera seg på jobbmessa, seier prosjektmedarbeidar Ukraina, Kirsten Syljeset.
Også ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar bedriftene til å stilla opp på jobbmessa.
- Det er ein vinn-vinn-situasjon dersom bedrifter klarer å skaffa arbeidskraft og flyktningane kjem i jobb, seier ordføraren.
Jobbmessa opnar klokka 13.00. Utstillarane kan koma frå klokka 12.00. Jobbmessa vert arrangert i Grønamyrsvegen 2, Vaksenopplæringa (gamle Lieco)
Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.
Publisert 19.04.2024 19.41