Inviterer til opplæring i utmarksbrenning

Øygarden brann og redning arrangerer to samlingar med utmarksbrenning som tema. Programmet er likt begge kveldane. Dermed kan ein velja den kvelden som passar best. 

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto Øygarden kommune

Samlingane vert gjennomført onsdag 8.november og torsdag 16.november klokka 17.00 – 21.00 på auditoriet på Coast Center Base på Ågotnes. Oppmøte på Ågotnes brannstasjon.

Det vert enkel mat før oppstart. Samlinga er gratis. 

Program

KlokkeslettInnleggFøredragshaldar
1700-1730Oppmøte og pizza 
1730-1745Velkommen og søknad om brenningØygarden brann og redning
1745-1800StøtteordningerØygarden kommune
1800-1820Grunnlaget for brenningLyngheisenteret
1820-1830Pause 
1830-1930Planlegging og gjennomføring av brenningOve Stumo
1930-1940Pause 
1940-2040Planlegging og gjennomføring av brenningOve Stumo
2040-2100Utlån av utstyr og plattform for samhandlingØygarden brann og redning


For å få oversikt over kor mange som kjem, ber vi om påmelding via denne lenkja: 

Meld deg på her

Det vert brukt kart for opplæring i planlegging av brenning. Me vonar å få produsert kart for deltakarane i samlinga som ein kan ta med seg heim.

Dei som ønskjer at det skal produserast kart for sitt område (må vera i Øygarden kommune) må melda seg på innan følgjande fristar:

  • Samlinga 8. november: Frist for påmelding: 30.oktober
  • Samlinga 16. november: Frist for påmelding: 6.november
     

Dei som ikkje har behov for kart, kan melda seg på heilt fram til og med dagen før samlinga. Dersom det vert svært stor interesse, kan det bli innført avgrensingar i kor mange som kan delta.