Kabelarbeidet i gang på ny hovudbru
Måndag gjekk startskotet for installering av trekketau mellom brutårna til den nye hovudbrua mellom Øygarden og fastlandet. Dette er første del av kabelarbeidet på den nye brua for nytt sotrasamband.
Koplinga av trekketauet skjedde på lekter midt på fjorden.Operasjonen starta om lag klokka sju måndag morgon. Klokka 14 var trekketauet på plass over fjorden mellom Knarrvika og Drotningsvik.
Trekketauet, som er ein stålvaier, vert brukt til å få på plass ein arbeidsplattform mellom dei to brutårna. Det nordlege trekketauet vert installert onsdag 11. februar. Det inneber at leia er open for fri ferdsel tysdag 10. februar.
Byggeleiar for brutårna i Sotra Link Construction, Manhyung Bae, er glad for no å ha fått den første koplinga mellom dei to brutårna på plass.
- Dette markerer starten på kabelarbeidet på brua, og eg er godt nøgd med korleis ting gjekk i dag. Vi er så klart heldige med at vêret har vore så stabilt. Det gjer at vi kan jobba uforstyrra, seier Bae.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Statens vegvesen
Publisert 09.02.2026 18.45