Kan du tilby tenester for seniorar?
Øygarden kommune ønskjer å koma i kontakt med private aktørar som tilbyr relevante tenester for seniorar/eldre som bur heime.
Ill. Mostphotos
Fleire av dei eldre etterspør lettare tilgang til ulike kvardagstenester som er viktige for å oppretthalda trivsel og tryggleik der dei bur. Kommunen treng kontakt med private aktørar som har spisskompetanse/autorisasjon innan ulike felt som kan møta behova for tenester til seniorane og dei eldre.
Kommunen vil marknadsføra tilboda via Aksjonssenteret. Tenester som er etterspurde i heimen kan vera:
- Velværetenester (frisør/fotpleie/ hudpleie/massasje)
- Omsorgstenester
- Treningstilbod/gå tur/personleg trenar
- Hund / dyrestell
- Handverkstenester/ombygging
- Større måleoppdrag
- Gartnartenester
- Hjelp til innkjøp/leveranse av matvarer
Lista er ikkje uttømande.
Ta gjerne kontakt med Aksjonssenteret v/ rådgjevar Merethe Boge for nærare informasjon. Alle private aktørar (næringsdrift/AS/enkeltmannsføretak) som ønskjer å inngå samarbeid, og dermed bli publisert på kommunen sine nettsider, er velkomne til å ta kontakt for eit møte om mogleg samarbeidsavtale m.m.
E-post: Aksjonssenter@oygarden.kommune.no
Telefon: 55 09 70 00
Fotogalleri
Publisert 10.08.2023 14.09