- Kjekt møte med bibelskulen

Varaordførar Anita Garlid Johannessen møtte godt over hundre forventningsfulle studentar på Bildøy bibelskole tysdag.
- Eg er sikker på at dette vert det beste skuleåret for elevane, seier varaordføraren etter besøket der ho ønskte dei velkomen til Øygarden kommune.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen møtte glade elevar på tysdag. Bakerst står rektor Andreas Evensen. - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen møtte glade studentar på tysdag. Bakerst står rektor Andreas Evensen.

Studentane, som kjem frå heile landet, kom til skulen i helga. Etter opningsfest på laurdag har dei no hatt to undervisningsdagar den første veka på internatskulen. 

Dette året har skulen rekordmange studentar. Dei 115 studentane fordelt på fem linjer skal gjennom skuleåret oppleva fellesskap og undervisning i ei rekkje fagområde.

Varaordføraren orienterte om Øygarden som er den nest største kommunen i Vestland og som er i front i det grøne skiftet. Om ein månad er det offisiell opning av karbonfangstanlegget til Northern Lights. Dette anlegg tek imot CO2 som vert ført i røyr ut i Nordsjøen og lagra under havbotnen vest for Øygarden.

I presentasjonen av kommunen la ho vekt på å visa korleis elevane kan ta i bruk ei rekkje tilbod i heile den langstrakte kommunen. Særleg innan idrett og friluftsliv er det mange tilbod å boltra seg i.

- Det var utruleg kjekt å endeleg å få sjå bibelskulen. Eg opplevde det inspirerande å få møta over hundre elevar som såg ut til å følgja godt med då eg snakka om den fine kommunen vår. Det såg ut til å vera ein fin gjeng, og det var kjekt at mange ville reisa på fotballkamp og heia på Åsane, seier Garlid Johannessen.

Frå fellessamlinga tysdag. - Klikk for stort bileteFrå fellessamlinga tysdag.

Varaordføraren vil gjerne koma tilbake og få omvising på skulen og området i fint ver. 

- I dag var det jo litt haustleg, men eg observerte at badestampen vart fyrt opp og vart klargjort til bruk. Eg ønskjer alle elevane lukke til med skuleåret, seier varaordføraren.

Det var rektor Andreas Evensen og studieleiar Laila Eidsheim Flaa som tok imot varaordføraren då ho ønskte elevane velkomne til Øygarden.


Tekst og foto: Vigleik Brekke