Klare for konsert med Hallaisiken og utvida kulturskulekor

Onsdag kveld var 30 barn og nokre vaksne på plass på kulturskulen på Liljevatnet for å gjera seg klare for konsert 20. november.
- Vi treng meir musikk retta mot barn i alderen 10 til 12 år, seier musikarane og dirigentane Elin Hestenes og Kristine Bjånes i Hallaisiken.

Desse er klare for konsert i kultursalen på Straume måndag 20. november - Klikk for stort bileteDesse er klare for konsert i kultursalen på Straume måndag 20. november.

Dei som møter opp på gratiskonserten måndag klokka 18.00 får oppleva Øygarden kulturskulekor og elevar frå Knappskog og Skogsvåg skular som framfører tekstar skrivne av kordirigentane. 

Musikarane i Hallaisiken legg stor vekt på at songane skal vera lette å syngja for barna. I 2022 var dei nominerte til Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk. Nokre kjenner nok til Vi é Bergen av nettopp Hallaisiken.

- Det nye albumet (EP) 1000 skjermar har barn på mellomtrinnet (tweens) som målgruppe. Sjølv har eg ADHD, og tittelkuttet 1000 skjermar handlar om kjenslene med å ha ADHD og å ha det kjipt. Du opplever at du gjer noko dumt og at du ikkje klarer å be om årsak for det. Det er vanskeleg å tolka kjenslene, seier Elin Hestenes.

Treng meir musikk retta mot mellomtrinnet

Pianist Eirik Breivik Minde er tydeleg på at det ikkje er skrive så mykje musikk for denne målgruppa og at det er behov for meir.

- Problemstillingane for denne målgruppa dukkar gjerne opp tidlegare enn dei gjorde før, seier han.

Frå venstre; Kristine Bjånes, Eirik Breivik Minde og Elin Hestenes - Klikk for stort bileteFrå venstre; Kristine Bjånes, Eirik Breivik Minde og Elin Hestenes.


I forkant av øvinga på Liljevatnet skule har musikarane vore på øvingsrunde på Skogsvåg og Knappskog skular. Desse to skulane er mottaksskular for flyktningar. Difor vert kulturskulekoret utvida med elevar frå dei to skulane når det vert invitert til konsert 20. november. 

- Vi har fått støtte frå kommunen til dette integreringsprosjektet. I kveld rekrutterte eg ein ukrainsk flyktning som eit resultat av øvingsrunden på dei to skulane, seier kulturskulelærar Åshild Eriksen som er den faste dirigenten for kulturskulekoret.

Kristin Bjånes seier at tekst, melodi og arrangement på songane på konserten er skrivne av Hallaisiken.

- Vi har også hatt prosjekt der barna har vore med og skrive tekstar. I songane ønskjer vi å setja ord på kjenslene og kva det inneber å vera i verda. I «Unnskyld»-songen er bodskapen at vi ikkje klarer å seia unnskyld, seier Bjånes.

Øygarden kulturskulekor fyller 45 år i 2023 og har tilbod til barn og unge i alderen fem til 19 år. 

He er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Åshild Eriksen og Elin Hestenes - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 Tekst og bilete: Vigleik Brekke