Kombinerte trening med føredrag

Sist veke vart det gjennomført ny samling på Mova der trening og tileigning av ny kunnskap gjekk hand i hand. 
- Vi opplevde god stemning med styrketrening, yoga og føredrag av professor Silje Mæland, seier prosjektleiar for nærværsprosjektet «Jobben gjer frisk», Benedicte Sletten Larsen.

Det var stort engasjement og god stemning på samlinga sist veke. - Klikk for stort bileteDet var stort engasjement og god stemning på samlinga sist veke.

Tema for samlinga var kvinnehelse og sjukefråvær.

- Her viste Mæland til banebrytande forsking og personlege historier. Dette temaet vil det vera fokus på i prosjektet framover, seier Sletten Larsen.

«Jobben gjer frisk» er eit nærværsprosjekt i regi av Øygarden kommune som starta i januar 2022 med mål om redusert fråvær. Det er basert på ein stor studie frå Skottland og mål å auka kvaliteten på dialogen mellom leiar og tilsett. Ein opplever gjerne at krava på jobb er høgare enn det er ressursar til å handtera.

I dette prosjektet vert det lagt vekt på at det skal vera tidleg og tett kontakt mellom leiar og sjukmeld. Leiar og tilsett vert oppmoda om å snakka saman innan 24 timar. Leiar skal stilla spørsmålet; kva kan eg gjera for det, og tilsette vert oppmoda om å snakka med leiaren sin for saman å finna gode løysingar.

Etter kvart er prosjektet utvida til å motivera til fysisk aktivitet ved ha eigne treningsarrangement og samarbeid/rabattavtalar med treningssenter. Her er målet og å nå ut med informasjon om prosjektet til tilsette og minna organisasjonen om å tenkja på nærvær. Det er for tida sett inn ressursar i barnehage og enkelte einingar i helse som har høgast fråvær.

- Vi veit at stadig påminning er nødvendig for å auke nærværet på jobb. Framover skal vi ha fokus på partsarbeid og kvinnehelse og meir systematiske tiltak innan fysisk aktivitet, seier Benedicte Sletten Larsen.


Bilete: Benedicte Sletten Larsen