Kommandant Erik Alf Bøe fekk overrekt kommunevimpel frå ordførar Tom Georg Indrevik.Det var ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Anita Garlid Johannessen og kommunedirektør Johnny Breivik som hadde lunsjmøte med kommandanten.
Kommandør Erik Alf Bøe overtok som kommandant på Bergenhus i 2021 etter 40 års teneste i Sjøforsvaret. Festningsanlegget i Bergen har røter frå mellomalderen og er mellom dei eldste festningane i Noreg. Det er Statsbygg og Forsvarsbygg som forvaltar Bergenhus festning. Rundt 200 personar har sitt daglege virke på området.
- Kva nytte har eit møte som dette?
- Det er viktig for oss å ha kontakt med kommunane i heile bergensområdet. Eg ønskjer å etablera meir kontakt mot vest (Vesterled), og Øygarden har allereie god kontakt den vegen. Om kort tid får vi besøk av Vivian Midttveit som skal presentera boka si og fortelja om den dramatiske hendinga i heimbygda si under krigen, seier Bøe.
Kommandanten på Bergenhus husar mellom anna Bergenhus festningsmuseum, Sjøforsvarets musikkorps, HV09 (Heimevernet), Forsvarets økonomisenter og gjennomfører sesjonar.
- Vi har ei koordinerande rolle og er vertskap for mange besøk. For kommunane fungerer vi som eit kontaktpunkt mot Forsvaret, ikkje minst Sjøforsvaret som eg kjenner godt, seier Erik Alf Bøe.
Frå venstre; Johnny Breivik, Erik Alf Bøe, Tom Georg Indrevik og Anita Garlid Johannessen.Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Øygarden kommune ønskjer å ha godt kontakt med Bergenhus festning og kommandanten.
- Vi er den nest største kommunen i Vestland, og Bergen og Bergenhus har ei viktig symbolrolle. Vi har mellom anna tett kontakt med HV09. Denne kontakten og nettverket er god for kommunen, seier han.
Tekst og foto: Vigleik Brekke