Kompetansehevande tiltak er viktig i møte med auka tal personar med demens

Regelmessig deltek tilsette i heimetenesta og i institusjonane med heildøgns omsorg i Øygarden kommune, i Demensomsorgens ABC- opplæringa. ABC-opplæringa er eit kompetansehevande tiltak for tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester som gjev oppdatert kunnskap om demenssjukdomar, demensforløpet og personsentrert omsorg. 

Oppstart ABC Demensomsorg, Perm 1, fagseminar 1., 3. september 2024. Demenskoordinator saman med deltakarar frå Straume Bu- og servicesenter, Fjell sjukeheim, Kvednatunet og Heimetenesta Sone Straume, sone Nord og sone Sør. - Klikk for stort bileteOppstart ABC Demensomsorg, Perm 1, fagseminar 1., 3. september 2024. Demenskoordinator saman med deltakarar frå Straume bu- og servicesenter, Fjell sjukeheim, Kvednatunet og Heimetenesta Sone Straume, sone Nord og sone Sør.

Opplæringa følgjer innhaldet i ABC-permane, Perm 1 og Perm 2, der kvar perm tek rundt eitt år å gjennomføra. Det inkluderer seminar, gruppesamlingar og sjølvstudiar. Deltakarane får dokumentert kompetansen ved godkjent gjennomføring.
Demensomsorgens ABC er utvikla av Nasjonalt senter for aldring og helse på oppdrag frå Helsedirektoratet. Det vert gjennomført av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenesta (USHT) Vestland, (Hordaland). Demenskoordinator er ABC-kontakt i kommunen, og bidrar blant anna med rekruttering og oppfylging av deltakarane.

Betre rusta

Opplæringa er viktig for alle tilsette som jobbar i forhold til personar med ein kognitiv svikt og demens. På denne måten kan vi som kommune vera betre rusta til å møta det forventa auke i tal personar med demens.

Avsluttande fagseminar, ABC demens Perm 2, fagseminar 2, den 3. oktober 2024. Deltakarar frå Heimetenesta Sone Straume, Sone Nord og Sundheimen. Fire av deltakarane var ikkje til stades på bildet. - Klikk for stort bileteAvsluttande fagseminar, ABC demens Perm 2, fagseminar 2, den 3. oktober 2024. Deltakarar frå Heimetenesta Sone Straume, Sone Nord og Sundheimen. Fire av deltakarane var ikkje til stades på bildet.

Ein blanding av deltakarar frå Straume Bu- og servicesenter, Fjell sjukeheim, Kvednatunet og Heimetenesta sone Straume, sone Nord og sone Sør, fordelt i tre grupper, har hausten 2024 starta opp med Perm 1.

To grupper, med deltakarar frå Heimetenesta sone Straume og sone Nord og Sundheimen, har nyleg avslutta heile kompetanseforløpet, med gjennomføring av siste fagseminar i Perm 2.

Gratulerer til dei som har avslutta utdanninga, og lukke til på vegen til dei nyoppstarta gruppene!


Tekst: Hege Tveit