Konfliktrådet vest søkjer etter nye meklarar

Er du samfunnsengasjert og klar for nye utfordringar? Konfliktrådet vest, søker etter nye meklarar. Meklarar i Øygarden, Askøy, Bjørnafjorden og ev. Bergen vert særleg oppmoda til å søkja.

Som meklar skapar du eit trygt rom for dialog mellom menneske som står på kvar si side av ein konflikt, ei uønskt hending eller eit lovbrot. Du møter partane både i individuelle forsamtalar og i felles møte. Målet er å hjelpa dei vidare på ein konstruktiv måte.

I konfliktråda brukar vi gjenopprettande prosess. Dette er ein metode som legg vekt på medverknad, ansvar og høve til å reparera relasjonar. Partane får arbeida saman for å finna gode løysingar.

Opplæring og krav

Alle nye meklar­kandidatar får obligatorisk grunnopplæring i konflikthandtering og gjenopprettande prosess. Kurset går over totalt sju heile dagar hausten 2026 og er delt i to bolkar:

  • Bolk 1: 4 dagar
  • Bolk 2: 3 dagar


I tillegg må kandidatane delta på eit obligatorisk møte ved det lokale konfliktrådet kort tid etter kurset.

Kurset går føre seg på Gardermoen på dagtid. Konfliktrådet dekkjer reise- og opphaldsutgifter. Kandidatar som ikkje får løna permisjon, kan òg få dekt dokumentert tapt arbeidsforteneste.

Vervet kan kombinerast med jobb eller studiar og går i hovudsak føre seg på ettermiddag og kveld. Meklarar får godtgjersle for arbeid med meklingssaker, for tida kr 248 per time.

Søknadsfrist: 29. mai 2026 

Her er fleire detaljar. (pdf-fil) (PDF, 101 kB)