Kongebesøk til Northern Lights

Onsdag føremiddag besøkte kongen av Nederland Willem-Alexander Northern Lights i Energiparken i Øygarden. Det vart også tid til besøk på hydrogenanlegget til Zeg Power. 
- Han fekk eit godt inntrykk av Øygarden, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå venstre;  kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery., ordførar Tom Georg Indrevik og kongen av Nederland, Willem-Alexander. - Klikk for stort bileteFrå venstre; kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, ordførar Tom Georg Indrevik og kongen av Nederland, Willem-Alexander.

Administrerande direktør på Northern Lights Tim Heijn orienterte kongen, ei rekkje toppleiarar i oljeselskapa TotalEnergies, Shell og Equinor og dei andre gjestene om Northern Lights og Langskip-prosjektet. Anlegget i Øygarden vil frå 2025 ta imot CO2 med skip og føra det i røyr ut i Nordsjøen og lagra det 2 600 meter under havbotnen. 

Så langt har over 11 tusen personar besøkt anlegget i Energiparken. 

Det var også panelsamtale med Martin Smith i Equinor, Marianne Olsen i Shell og Michel Hajjar i TotalEnergies. Her vart det understreka kor viktig støtten frå norske styresmakter er når det gjeld realiseringa av karbonfangst og lagring. Tryggleiks- og klimaperspektivet stod også sterkt i denne samtalen.

Det vart tid til ein kort prat mellom konge og ordførar. - Klikk for stort bileteDet vart tid til ein kort prat mellom konge og ordførar.

Næringssjef Marianne Furheim var guide for ein busstur frå Bergen til Energiparken der gjestene på kongebesøket var om bord.

- Eg samtalte med kongen på veg inn i konferanserommet i visningsanlegget til Northern Lights. Han hadde berre godord om Øygarden, veret og dette prosjektet. Dette anlegget har ei enorm interesse internasjonalt, og det er flott at kongen av Nederland prioriterte besøk på anlegget, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Desse to var i sving for Øygarden denne dagen; næringssjef Marianne Furheim og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteDesse to var i sving for Øygarden denne dagen; næringssjef Marianne Furheim og ordførar Tom Georg Indrevik.Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Tim Heijn og Knut Bakke. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Tim Heijn og Knut Bakke. Kjersti Nordøy



Tekst og foto: Vigleik Brekke