Kraftig auke i førehandsrøysting så langt

16 dagar før valet den 11 september hadde 2 789 personar i Øygarden røysta på førehand. Dette er ein auke på 90,5 prosent samanlikna med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019.

Torill Martinson og Yngvild Wiese på innbyggartorget og biblioteket på Straume ønskjer velkomen til førehandsrøysting frå og med torsdag 10. august. - Klikk for stort bileteMange røystar på førehand. Torill Martinson og Yngvild Wiese på innbyggartorget og biblioteket på Straume ønskjer velkomen til førehandsrøysting. Det er også høve til å røysta på innbyggartorga og biblioteka på i Skogsskiftet og på Rong.

I 2019 var det 16 dagar før valet registrert 1 462 røyster. Tilsvarande tidspunkt i 2023, laurdag 26. august, er det altså registrert 2 789 røyster, inklusive tidlegrøyster. Dette utgjer 9,2 prosent av dei røysteføre.

I 2019 var det totalt 5 835 personar som røysta på førehand i Øygarden. Dette utgjorde 20,2 prosent av dei røysteføre.

Les meir om kva tid og kvar du kan røysta her.