Kraftig nedbør på torsdag
Det er sendt ut oransje farevarsel om svært mykje regn på Vestlandet torsdag 31. oktober. Det er meldt om størst mengder nedbør i midtre og indre strok.
Mostphotos
I vårt område er det meldt om gult farenivå og at det kan koma mellom 60 og 100 millimeter regn i løpet av døgeret.
Konsekvensar er fare for overvatn i tettbebygde område og stengde vegar og/eller overvatn ved bekk- og elveløp. Tilpass farten og køyr etter forholda.
Les meir her (ekstern lenkje).
Publisert 29.10.2024 12.32