Kreativ premierefest for ungdomsskulelevar

Onsdag 8. mai var det høgtideleg premierefest for ungdomsskulelevar frå Sund, Tranevågen og Fjell ungdomsskule. Kultursalen romma 240 spente elevar.

Mange var på plass i kultursalen for å få med seg premierefesten. - Klikk for stort bileteMange var på plass i kultursalen for å få med seg premierefesten.

Arrangementet var ein del av eit samarbeid mellom koordineringstenesta for skulebiblioteket, Øygardsbiblioteka og forfattaren Runo Isaksen, som står bak spenningsromanen «Kongen av Sotra», skriven for ungdom. Konkurransen omfatta filmar laga av elevane, basert på boka, og har ført til mykje kreativt arbeid både i og utanfor klasserommet. 

Forfattarbesøk

I forkant av premierefesten besøkte Runo Isaksen dei ulike ungdomsskulane. Elevar frå klassane hadde lese boka i forkant, og forfattaren delte tankar om boka og skriveprosess, og svarte på spørsmål frå elevane. Elevane fekk deretter i oppgåve å laga kreative filmar basert på boka. Nokre valde å laga ein trailer, medan andre gjenskapte scener frå romanen. 

Engasjement blant elevane

Forfattaren tok kontakt med koordineringstenesta for skulebibliotek i kommunen, og lurte på om dei var interesserte i eit samarbeid. 

-    Ei bok skrive om heimplassen vår, er eit samarbeid vi ikkje kan la gå frå oss. I tillegg er boka spennande frå første stund, noko som kan vere bra når ein skal få ungdomar til å lese. Det har vore veldig gøy å sjå kva elevane og lærarane har fått ut av arbeidet med boka, og at dei har sett pris på å få jobbe kreativt, seier koordinator for skulebibliotek Toril Aune Børmo.

Med eit variert utval av bidrag, var det utfordrande for juryen å kåra vinnaren. Bidraga spente over eit breitt spekter av stil og innhald, frå grøssarscener til komedie. Fleire bidrag fekk heiderleg omtale, men det var tre filmar som utmerka seg. Juryen har bestått av forfattaren Runo Isaksen, avdelingsleiar for innbyggjartorg og biblioteket og konstituert kultursjef, Yngvild Marie Kaarbø Wiese og MOT-leiar i Øygarden, Kelsie Nesse Leemans, som også var konferansier for arrangementet. 

Vinnarar

På tredjeplass kom ein trailer laga av elevar frå Fjell ungdomsskule. Denne filmen starta med Griegs «Morgenstemning» og gjekk over i full action. Andreplassen gjekk også til ein klasse på Fjell ungdomsskule, og dei fekk ros for sin dramatiske musikk og bruk av tekst. Førsteplassen, som i følgje juryen lukta Oscar, gjekk til Sund ungdomsskule som presenterte ein film med imponerande historieforteljing og skodespelarprestasjonar. Juryen meinte dette var den perfekte traileren for «Kongen av Sotra», og var svært imponert over kva elevane hadde fått til.

Vinnarane snakkar om prosessen

Etter premierefesten fekk vi snakka med vinnarane: Eline Hagenes, Emil André Marheim Raun, Leon Foldnes og Amine Hagenes Skoge. Magnus Erstad, som også var ein del av gruppa, var diverre fråverande. Elevane fortalde at dei hadde hatt det gøy under produksjonen, og at det var ein spennande prosess. Alle likte boka veldig godt, mykje fordi boka er så spennande. Dei synest det beste med prosjektet var å koma seg til og filma, og dei likte godt variasjonen i oppgåvene dei fekk. Dei brukte blant anna mykje tid på manus og storyboard før dei gjekk i gang med å filma. Elevane fekk og hjelp frå ein tidlegare elev med litt filmkompetanse, som gav dei råd om vinklar og teknikkar. Eline Hagenes, som stod for redigeringa, delte at ho gjorde mykje av arbeidet med redigeringa frå mobilen då ho sat på skulebussen.

  1. premie
  2. premie
  3. premie

Filmar som ikkje fekk pris, men heiderleg omtale:

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete


Tekst og bilete: Toril Aune Børmo, koordinator for skulebibliotek