Krevjande oppvisningskamp
I samband med at Sotra Volleyballklubb spelte 8. delsfinale i noregsmeisterskapen, var politikarar og administrasjonen inviterte til å spela nokre sett saman med trimgruppa til klubben.
Trimgruppa supplert med gode hjelparar.
Privat
Kultursjef Mariann Guddal Hansen, formannskapsmedlem Andreas Kallekleiv og leiar for levekårsutvalet Ernst M Einarsen hadde teke imot utfordringa og stilte spente og litt bekymra opp på bana. Sistnemnte fortalte at det var ganske nøyaktig 40 år sidan sist han siste spelte volleyball på bane, og at han var i tvil om han kom til å klara å bidra med så mykje.
- Trimgruppa er eit godt lågterskeltilbod for dei som vil ha litt trening og samtidig ha det kjekt og sosialt. Det er viktig med slike tilbod i kommunen for at fleire kan delta i fysisk aktivitet. Det er bra for folkehelsa, seier kulturleiar Marian Guddal Hansen.
Etter kampen var det tre slitne, men svært nøgde deltakarar som konstaterte at dette var kjempegøy og at det absolutt freista til gjentaking, sjølv om det gjorde vondt både i skuldrer og kne.
Ifølgje Vestnytt var Sotra VBK tidvis på høgde med motstandaren TIF Viking. Sotra VBK tapte kampen (to sett; 21-25 og 19-25).
Publisert 28.10.2024 15.24