Frå kulturdebatten i kultursalen torsdag kveld.Åsmund Aasebø frå Vestland musikkråd innleia med å trekkja dei store linene i kultursatsinga i Vestland sett i høve til nasjonale føringar. Han peikte særleg på at det skal vera tilgang på eigna lokale og arenaer, samt at kulturbehov må vera ein del av kommunen sitt ansvar som planmynde.
Kultursjef Marian Guddal Hansen presenterte deretter status for kulturarbeidet i kommunen vår, og peikte særleg på strategiplanen for kultur, idrett og frivilligheit som blei vedteke i 2023, samt behovsanalysen med omsyn til lokale for kultur som blei behandla i kommunestyret i juni 2025.
I det «Politiske kvarteret» som følgde, var representantar for Ap, FrP, Høgre, Sotralista-TVØ og Pensjonistpartiet på talarstolen. Dei fleste gav uttrykk for at vi har eit stort og breitt utval av kulturaktivitetar i kommunen, trass i at den økonomiske situasjonen sjølvsagt pregar handlingsrommet når det gjeld å støtta oppunder med tilskot og liknande. Også her blei det vist til strategiplanen frå 2023 som heilt klart viser kva ambisjonar kommunen har på dette feltet.
Oddvard Rebnord ønskte velkomen til kulturdebattUnder bolken «Klar melding ut!» kom det innspel frå ulike aktørar som Øygarden Mållag, Knarrevik munnspillkorps, Øygarden kulturskule, Rong Brass, Fjellkoret og Tremorkirken. Fellesnemnaren var at dei tok opp konkrete utfordringar for organisasjonane sine.
Leiar for levekårsutvalet Ernst M Einarsen avslutta debatten med å oppfordra kulturlivet til å støtta opp om sitt eige rådsorgan som gjennom avtale med kommunen har direkte kontakt med både administrasjon og utvalet han er leiar for.
- Vi treng innspel frå kulturlivet, og det må de få til gjennom rådet, var oppfordringa hans.
Red.: Vigleik Brekke
Foto: Ivar Einarsen