Kurt Rune Andreassen vart Årets fyrtårn 2023

Årets fyrtårn er behageleg, konstruktiv, reflektert, løysingsorientert, gjennomgåande hyggeleg og oppriktig nysgjerrig på menneske han møter. Dette var superlativa på Årets fyrtårn som vart tildelt Kurt Rune Andreassen på årsfesten til Vest Næringsråd fredag kveld.

Kurt Rune Andreassen er Årets fyrtårn 2023. Arkivfoto - Klikk for stort bileteKurt Rune Andreassen er Årets fyrtårn 2023. Arkivfoto.

Prisvinnaren var bortreist på dagen, men fekk via skjerm fekk han tildelt prisen.

- No vart eg veldig glad. Eg skulle gjerne vore der, sa Kurt Rune Andreassen.

Formålet med denne prisen er å heidra ein person, som anten gjennom selskapet sitt eller organisasjon har hatt ein positiv betydning for regionen. Prisen vert delt ut i samarbeid med SpareBank 1 SR-Bank. Prisvinnaren fekk eit kunstverk laga av Marianne Skjelbred.

Andreassen får prisen for at han i mange år har jobba i bedrifter med mål om næringsutvikling. I over førti år var han tilsett i CCB - bortsett frå et par år i Liegruppen på midten av 90-talet. Han vart henta tilbake og vart administrerande direktør.

- Allereie på slutten av 90-talet hadde Kurt Rune Bergen havn til Ågotnes med i strategiplanane. Han var også ein pådrivar i å få realisert ny sotrasamband.

Han vert også rosa for korleis han handterte dramaet då dokka sokk i hamna på Ågotnes.

- Verdiane som sokk vart gløymde, og i mediestormen som følgde fokuserte du på at ingen tilsette hadde kome til skade. Kurt Rune er ettertrakta og stadig hanka inn i styre og strategiarbeid, går det fram av grunngjevinga for at han vart Årets fyrtårn 2023.

Kurt Rune Andreassen er mellom anna styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF.


Tekst og foto: Vigleik Brekke