Kva bør vi ta vare på og kva bør utviklast?

Kommuneplanutvalet var samla til arbeidsmøte tysdag denne veka. På dette møtet skulle politikarane reflektera over og døfta kva som er viktig kunnskap og kva verdiar ein bør ta med seg i det vidare arbeidet med strategiar og prinsipp for lokalsentera og kommunedelsentera.

Gruppearbeid - Klikk for stort bileteFrå gruppearbeidet

Medlemene av utvalet gjennomførte gruppearbeid i to bolkar og baserte det på landskapsanalyse, strandsonekartlegging, naturverdiar, friluftsverdiar og landbruksverdiar. Også innspelsmøta i lokalsentera og kommunedelsentera og barnetråkk var utgangspunkt for gruppearbeidet.

I oppsummeringa frå gruppearbeidet gjekk det mellom anna igjen at sjølv om strandsona i Øygarden i utgangspunktet er lang, er det ikkje så mykje tilgjengeleg strandsone likevel. 

- Vi må verna og utvikla landbruksareala og finna gode måtar å sikra vekst i bygdene. Erfaringa med barnetråkk er god. Det er viktig å sjå det heile ut frå perspektiva til barna, sa Elizabeth Toft Erichsen (V).

Andreas Ormevik (MDG) sa at mange av det beste områda i strandsona er allereie  bygde ned.

- Når det gjeld sentrumsområda må det byggjast tettare. Fortetting av bustader og næringsområde gjer det lettare å ta sentrumsområda i bruk, sa han.
Anita Andrine Skjold Hellesø (Ap) sa at det er viktig å ta vare på matjorda og kystlyngheia.

- Tilgang til sjø, grøntområde, universell tilkomst, møteplassar, offentlege tenester og at det er attraktivt å bu i alle livsfasar er også viktig å ta vare på, sa ho.

Gjennomgang av drøftingsgrunnlag og medverknadsarbeidet

På møtet gav administrasjonen ein gjennomgang av drøftingsgrunnlaget for mål og strategiar og funn frå medverknadsarbeidet frå tidlegare i år frå dei enkelte kommunedelsentera og lokalsentera.

Våren 2025 vert det presentert eit samla bilete av strategiar og prinsipp av verdiar og utvikling i kommunen. Det vert då også presentert ei endeleg geografisk avgrensing av kommunedelsentera og lokalsentera og kvar i sentera ein skal fortetta og forsterka handels- og tenestetilbodet.

I den andre bolken med gruppearbeid var det refleksjonar om kva viktige verdiar ein skal ta vare på og om betydninga av nokre verdiar har vorte forsterka gjennom kunnskapsgrunnlaga. Det vart også drøfta interessekonfliktar mellom verdiar vi skal ta vare på og utviklinga for framtida. Politikarane så også nærare på om det var konkrete stader som peika seg ut som konfliktområde.

Moglege konfliktområde

Under oppsummeringa frå gruppearbeidet vart det peika på fleire moglege konfliktområde. Døme på dette kan vera forholdet mellom næringsutvikling og bevaring av naturen og strandsone og utbygging.

Andreas Ormevik stilte spørsmålet om kva vi vil sitja igjen med om vi tar utgangspunkt i at det ikkje skal vera konflikt.

-  Er det då for lite igjen? Må vi ta av det arealet som har høg verdi, og så fall kva området må vi ta av? spurde han.

Moglege konfliktområde kan verta Tjeldstø, Blomvåg-og Herdlevær-området (industri- og næringsutvikling), Møvika/Ulveset (skuleutbygging), Spildepollen (to tidlegare bygder har felles møteplass, det kan ta tid). Andre moglege konfliktområde kan vera Eide/vestsida, Kollsnes og Ågotnes (industri) og forholdet mellom sentrale område i kommunen (Straume) og resten av kommunen.

Her finn du meir informasjon om kunnskapsgrunnlaget så langt.


Tekst og foto: Vigleik Brekke