- Kyrkje for alle

Laurdag 20. september går startskotet for jubileumsveka for Fjell kyrkje som fyller 150 år. Det heile vert krona med jubileumsgudsteneste sundag 29. september. 
- I løpet av neste veke presenterer vi tilbod for alle, seier sokneprest Per Hjemdal.

Onsdag denne veka besøkte leiinga i Øygarden kommune Fjell kyrkje. Frå venstre; sokneprest Per Hjemdal, ordførar Tom Georg Indrevik, kyrkjeverje Annlaug Børve, prosjektleiar Jon Ivar Friborg og kommunedirektør Johnny Breivik.  - Klikk for stort bileteOnsdag denne veka besøkte leiinga i Øygarden kommune Fjell kyrkje. Frå venstre; sokneprest Per Hjemdal, ordførar Tom Georg Indrevik, kyrkjeverje Annlaug Børve, prosjektleiar Jon Ivar Friborg og kommunedirektør Johnny Breivik.

Øygarden kommune har løyvd 44 millionar kroner inklusive meirverdiavgift til rehabilitering av kyrkja. I tillegg kjem 5,85 millionar kroner (+ meirverdiavgift) frå kyrkjebevaringsfondet/Riksantikvaren.

Kyrkjefolka gler seg over at rehabiliteringsarbeidet er fullført før jubileet. 

Ei tilstandskartlegging hausten 2021 viste omfattande skadar på kyrkja og at det var behov for snarlege tiltak. Deformasjonar i taket er retta opp, berande konstruksjonar er reparerte, taket er lagt om (skifer og kopar), bygget er fuktsikra, mange vindauge er rehabiliterte, fasadar er rehabiliterte og måla, og roteskadd trevirke er skifta ut. I tillegg er det etablert ny løysing for oppvarming.

- Det har vore eit svært godt samarbeid med entreprenøren (Akasia), seier prosjektleiar Jon Ivar Friborg (Øygarden kommune).

Sjølve kyrkjerommet har vore stengt i eitt år mellom juli 2023 og august 2024. 

- Me gler oss over at det har vore mogleg å gjennomføra gudstenester i kyrkjelydssalen sjølv om det har gått føre seg arbeid på kyrkja. Gravferder vart gjennomførte i andre kyrkjer i den perioden kyrkjerommet var stengt, seier kyrkjeverje Annlaug Børve.

Fjell kyrkje (20. august) - Klikk for stort bileteFjell kyrkje (20. august)

Festar i åtte dagar

No inviterer Per Hjemdal og alle hjelparane hans til jubileumsfestarrangement åtte dagar til ende. 

- Vi startar komande laurdag klokka 15 med familiedag og jubileumsaktivitetar. Folk kan koma på det dei likar og det dei kan tenkja seg å verta utfordra på, seier soknepresten og minner om at ordføraren skal vera med på temakveld onsdag kveld om kristenrett og landslov.

Ordføraren vert også med på JubelTweens fredag kveld (27. september) og på jubileumsgudstenesta sundag 29. september. 

Tom Georg Indrevik håpar at folk støttar opp om arrangementa gjennom heile veka. Han trur folk vil oppleva at kyrkjerommet er langt lysare no enn før.

- Kva betyr kyrkja for folk?

- Ho er eit viktig kontaktpunkt for folk og har eit evighetsperspektiv. Denne kyrkja betyr mykje for folk i den midtre delen av kommunen. Eg har fått mange tilbakemeldingar på kor fin kyrkja er vorten. Rehabiliteringa var heilt nødvendig. Alternativet ville vore stengt kyrkje på sikt, seier ordføraren. 

Kyrkjerommet er vorte lysare som følgje av rehabiliteringa - Klikk for stort bileteKyrkjerommet er vorte lysare som følgje av rehabiliteringa.

Her er programmet for jubileumsveka.

Her kan du lesa om synfaring på kyrkjebygget 7. mai i år.


Tekst og foto: Vigleik Brekke