La leiken leve!

Dei leikar mykje i barnehagen. Det fekk formannskapsmedlemene erfara då 13 barn frå Læringsverkstedet Straume barnehage framførte leik, turn og dans på scena i forkant av formannskapet tysdag ettermiddag.
- Vi leikar sjukehus. Eg likar best å vera lege, seier Amalie Risholm før ho saman med 12 andre barn og vaksne i barnehagen skal opp på scena.

Amalie og Edvard var spente før dei skulle opptre framfor politikarane - Klikk for stort bileteAmalie og Edvard var spente før dei skulle opptre framfor politikarane.

Tysdag 11. mars var Barnehagedagen, og dette vart markert over heile landet, og sjølvsagt i alle barnehagane i Øygarden. 

Edvard Høie og Amalie Risholm fortel at dei leikar mykje i barnehagen. Dei var begge svært spente på korleis det skulle gå då dei skulle stå på scena framfor dei vaksne politikarane.

Det handlar mykje om leik i barnehagen. Edvard fortel at han likar slengedissa godt. Men han er med på mykje anna kjekt også.

- Vi har laga spionbase, og eg er sjefsspion. Nokre gonger lurer eg meg innpå dei andre. Eg elskar barnehagen. Dei vaksne er snille med meg, seier Edvard. 

Frå framvisinga - Klikk for stort bilete Frå framvisinga

Edvard imponerte stort då han med song og dans framførte Kjartan Lauritzens «Fanga av ein stormvind» framfor politikarane. Også Amalie hadde opptrinn med song og turn. 

I Læringsverkstedet Straume barnehage får barna varm lunsj kvar dag. Med konseptet Et Godt Måltid er det fokus på kortreist, heimelaga og ernæringsrik mat. I dag fekk dei wraps (lefser) med mais, rømme, agurk og paprika. 

Frukosten har dei med seg heimanfrå. Då er det tradisjonell niste.

- Eg likar ikkje Nugatti, berre Sjokade, seier Edvard.

Turnoppvising. - Klikk for stort bileteBarna imponerte med turnoppvising.

Livsform

Kine-Iren Bergsvik i Læringsverkstedet Straume barnehage seier at dei ser leiken som livsforma til barnet og som den aller viktigaste aktiviteten i barnehagekvardagen. Barn leiker for leikens eigen del og leiken er lystbetont og spring ut frå motivasjonen til barnet.

- Leiken er ein arena for refleksjon og utprøving i ei verd som er på liksom. I leiken får barna testa ulike ferdigheiter. Det handlar om ferdigheiter som evne til inkludering og til å ta perspektivet til den andre, ta initiativ, venta på tur og dela, evna til å leia og verta leia, å kunna regulera eigne kjensler og bruka humor, seier Bergsvik.

Leik er temaet på Barnehagedagen i år. Nestleiar og hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Øygarden, Cathrine Olsen, seier at leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, men mange stader vert det gjerne mindre tid til leik fordi det er mykje anna som skal ha plass.

- Leik er essensielt for barna. Læringsstrykket i barnehagen aukar, og då er det jo nettopp leiken vi bør satsa aller mest på. Leiken har eigenverdi. Det er mykje læring i leik, og det legg grunnlaget for all vidare læring, seier ho.

Læringsverkstedet Straume barnehage har 110 barn fordelt på fire avdelingar. Barnehagen er lokalisert på Skjenet på Straume.

Her er fleire bilete:

Frå framvisinga - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke