Lanserer podkasten Rådhuset

Kommunedirektør Johnny Breivik kastar seg ut i det. Den 25. oktober lanserer han podkasten Rådhuset.

I podkasten inviterer han gjester som har noko viktig å seia oss.

- Dette skal vera ein arena der vi gjennom samtalar med spennande gjester viser kva som byggjer og utviklar øygardssamfunnet. Her skal det vera stor takhøgde og plass til alle historiene som bør delast, seier kommunedirektøren.

I den første episoden den 25. oktober klipper ordførar Tom Georg Indrevik snora eller slår på gongongen for podkasten og snakkar om at nye Øygarden snart er fem år. I episode to (1. november) snakkar reiselivsdirektør Anders Nyland om Øygarden som attraktivt reiselivsmål.

- Eg har veldig stor tru på å merkevarebyggja kysten. Øygarden har lett tilgjengeleg natur med ein utruleg spennande historie, ikkje minst krigshistorie, seier Anders Nyland som meiner Øygarden har stort potensiale innan reiseliv.

Du finn Rådhuset på Spotify, Apple Podcasts og ei rekkje andre appar her.