Legg fram forslag til arealplan 31. august
Om knappe tre månader vert forslaget til arealdel til kommuneplanen presentert. Den 24. september vedtek kommunestyret å leggja planforslaget ut til offentleg høyring. For tida arbeider planavdelinga mellom anna med å utarbeida føresegner.
Prat i ein av pausane i møtet i kommuneplanutvalet 2. juni.Planforslaget vert presentert på eit eige seminar den 31. august og vil venteleg liggja ute til høyring i perioden 1. oktober – 13. november. I slutten av oktober vert det kontordagar for innbyggjarar og andre som er interesserte i planarbeidet. Det er venta at arealdelen til kommuneplanen vert vedteken i mai 2027.
På møtet i kommuneplanutvalet på tysdag presenterte administrasjonen eit utval av moglege tilrådingar til føresegner knytt til naust, strandsone, plankrav og byggjegrense.
Det vart gjeve status for arbeidet med planvask. I området for Blomvåg og Hjelme er det aktuelt å oppheva 46 av 99 planar. I indre og ytre Sund er så langt 61 av 96 planar vurderte til å vera aktuelle for oppheving. I områda indre Fjell, nordre Fjell, sør-ytre Fjell og Litlesotra og Bjorøyna er det registrert 369 planar. 268 av desse er vedtekne etter plan- og bygningslova av 1985 eller er eldre.189 av desse planane gjeld prosjekt/tiltak som er ferdig utbygde.
Les gjerne meir om arbeidet med planvask på nettsida til kommunen.
Supplert av deltakarar frå KPU gav administrasjonen oppsummering frå regionalt planforum. Generelt er det gode tilbakemeldingar på arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Tema som særleg vart drøfta var bustadbygging i bygdene og fortetting i etablerte naustmiljø, naustformål og tiltak i sjø og forventningar om ny bruk av gamle naust.
Her er meir informasjon om arealdelen til kommuneplanen 2027-2039.
Publisert 03.06.2026 20.58