Legg sak om budsjett ut på høyring

Det vart lagt fram eitt endringsforslag til budsjett og økonomiplan på formannskapsmøtet på tysdag. Forslaget, som kom frå Høgre, Sotralista-TVØ, Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet, vart ikkje realitetsbehandla og vert rekna som innspel i saka. 

Det var Andreas Kallekleiv (H) som la fram forslaget til budsjett og økonomiplan frå fleirtalspartia. - Klikk for stort bileteDet var Andreas Kallekleiv (H) som la fram forslaget til budsjett og økonomiplan frå fleirtalspartia.

Forslaget, som følgjer saka fram til endeleg behandling i kommunestyret i desember, har på driftssida ei total endring på om lag 38,4 millionar kroner. På investeringssida er ny skule på Bildøyna utsett, medan ny skule på Møvika er framskunda.

Saka med budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 med endringsframlegget vert lagt ut på høyring i 14 dagar.

Arbeidarpartiet og Industri- og næringspartiet (INP) opplyste på møtet at dei legg fram forslag til budsjett og økonomiplan til kommunestyret 19. desember (budsjettmøtet).

Her kan du lesa framlegget frå Høgre, Sotralista-TVØ, Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet. 

Kvartalsrapport 

Total årsprognose etter 3. kvartal er eit meirforbruk på fire millionar kroner for 2024. Det er i budsjett 2024 budsjettert med eit netto driftsresultat på 8,5 millionar kroner. Per september er netto driftsresultat 14,4 millionar kroner dårlegare enn periodisert budsjett hittil i år. 

Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 22 millionar kroner. Prognosen for eigedomsskatt er sju millionar kroner betre i 2024 enn budsjettert. Dette skuldast nye anlegg på Kollsnes som det vart skrive ut eigedomsskatt på frå og med 2024. Nye berekningar av minimumsavdrag etter kommunelova sine reglar tilseier at Øygarden kommune kan redusera  årsbudsjettet med fire millionar kroner.

Regjeringa lova kommunane fem milliardar kroner ekstra i 2024 gjennom nysalderinga av statsbudsjettet. For Øygarden kommune betyr dette 

Andre forhold som slår positivt ut på inntektssida dette året er 36,6 millionar kroner frå Havbruksfondet, 7,5 millionar kroner ekstra i utbytte og sju millionar kroner ekstra i eigedomsskatt.
Formannskapet tilrår å ta kvartalsrapporten til etterretning og setja av redusert avdragsbetaling på fire millionar kroner på disposisjonsfondet.

Saka går til behandling i kommunestyret.

Tilrår å selja fleire eigedomar

Formannskapet rår til at ei rekkje kommunale eigedomar vert fristilte for sal. I tilr¨ådinga heiter det vidare at kommunestyret ber kommunedirektøren å halda fram sitt arbeid med å fristilla kommunale eigedommar for sal, og ber om at kommunedirektøren kjem tilbake med sak over eigedommar som kan seljast som resultat av dette arbeidet. Plan- og miljøutvalet skal få oppdateringar på framdrifta i møte den 28. april og 30. oktober 2025. 

Formannskapet sluttar seg til tilrådinga frå plan- og miljøutvalet med eitt tilleggspunkt (etterbruk av kommunedelsenter på Rong). 

Oversyn over eigedomar formannskapet tilrår å selja :

  • Sal av kurssenteret i Skogsskiftet. 
  • Sal av Bildøybakken.
  • Den gamle brannstasjonen på Tjeldstø vert tilbydd selt til Øyvar.
  • Sal av Bjørkestølen 32 når nye Fjell ungdomsskule på Bildøyna står klar. 
  • Avventar til vedtak for arealdelen til kommuneplanen før ein avgjer framtida til gamle Glesnes barnehage.
  • Avventar områdeplanen for Bildøy før ein avklarar kva som skjer med gamle Bildøy barnehage. Eigedommen vert selt om områdeplanen opnar for bustader. 
  • Administrasjonen går i dialog med Algrøy grendelag for å overføra allaktivitetshuslokalitetane i bygget til grendelaget. Behov for riving av skuledelen vert vurdert og spelt inn til budsjett 2026. 
  • Administrasjonen går i dialog med Klokkarvik grendelag og interessegruppa for etterbruk av skuledelen for overføring av grendehusdelen og potensielt skuledelen. Riving av skuledelen vert spelt inn til budsjett 2026 om dialog ikkje førar fram. 
  • Tomta som Tussetjødna barnehage er etablert på, vert halden i kommunalt eige for framtidig utnytting. 
  • Tomt bak kommunedelsenteret i Skogsskiftet vert detaljregulert. Salspotensialet vert vurdert etter at reguleringsplan føreligg. 
  • Sal av areal som er regulert til fylkesveg på gnr/bnr 150/290 og gnr/bnr 150/291 til Vestland fylkeskommune. 
  • Tomt for forsamlingbygg i Apalvågen vert tilbydd selt til Sekkingstad vel for takst. Kommunen skal sikra tilkomst til kommunal kai og slipp, og eige tilkomsttrase til desse.
  • Det vert starta opp eit arbeid med tanke på etterbruk av kommunedelsenter Rong når Statnett flyttar ut. 
     

Dei fire eigedomane som framleis skal vera i kommunal eige er:

  • Parkeringsplass i Rong sentrum
  • Tomt for ny skule i Møvik
  • Gamle Tjeldstø barnehage
  • West-teambygget 


Tilrådinga vart gjort med ni røyster. To medlemer (eín frå Arbeidarpartiet og eín frå SV) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Budsjett for Øygarden bustadutvikling KF 

Formannskapet tilrår budsjett for 2025 for Øygarden bustadutvikling KF slik det ligg føre. Framlegget balanserer med ei inntekts- og utgiftsramme på 63,7 millionar kroner og har eit eit netto mindreforbruk på 176 753 kroner.
Det vert tilrådd ei investeringsramme på 30 millionar kroner i samband med kjøp av eigedom. Låneopptak er ei maksimal ramme, og uttak frå lånet blir føreteken etter kvart som det blir erverva nye bustader. Saka går til kommunestyret.

Eigedomsstrategi

Formannskapet tilrår eigedomsstrategien slik han ligg føre. Kommunedirektøren vert beden om å revidera eigedomsstrategien i 2026, og å sikra at eigedomsstrategien bygger opp under konkretisering av målsettingar i framtidig strategisk plan for klima og miljø.

I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å koma tilbake med ei sak våren 2025 som  omhandlar gjennomføringsmodell for framtidig eigedomsarbeid. I saka skal det skisserast kva  for oppgåver som bør vera i eigen organisasjon, og kva for oppgåver kommunen vil vera tent  med å gje til eksterne aktørar. Saka skal også omhandle alternative måtar oppgåver kan settast  ut til eksterne.

Saka vert avgjort i kommunestyret.

Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad

Formannskapet retningslinjer for tildeling av kommunale bustader slik det er presentert i saka, men med endring slitt levekårsutvalet har tilrådd.

Endringa inneber at ein erstattar formuleringa «Ha eit manglande, eller utilfredsstillande bu-forhold» med «Ha eit manglande, eller utilfredsstillande bu-forhold og som av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve, vert rekna som vanskelegstilte på bustadmarknaden».

Formannskapet tilrår også etter framlegg frå Robert Lund (INP) om at det skal takast omsyn til kva tilhøyrsle barna har til nærmiljøet. Det skal også takast omsyn til nærleik til aktuell teneste.

Kommunestyret avgjer saka.

Status for arbeidet med oppheving av Bustadstiftinga

Formannskapet ber kommunedirektøren koma tilbake med politisk sak første halvdel 2025. Saka skal innehalda rapport om oppheving av Bustadstiftinga, jamfør vilkår i stiftingslova § 55 c.

Etter framlegg frå ordførar Tom Georg Indrevik (H) vart det samrøystes tilrådd eit ekstrapunkt der det heiter at «for å sikra ei god gjennomføring av prosessen, ber formannskapet kommunedirektøren å vurdera moglegheita for å eit identisk styre i Bustadstiftinga og i Øygarden bustadforvaltning KF.


Tekst og foto: Vigleik Brekke