Legg ut to planar på høyring

Utval for tenester og levekår (UTL) vedtok onsdag å leggja ut to planar på høyring i fire veker.  Det gjeld bustadsosial temaplan for Øygarden kommune 2023-2032 og kultur, idrett- og frivilligplan for Øygarden kommune 2023-2027.

Frå møtet i utval for tenester 29. mars (skjermdump frå kommune-TV) - Klikk for stort bileteFrå møtet i utval for tenester 29. mars (skjermdump frå kommune-TV)

Sakene var til behandling i utvalet 15. mars. Då vart det mellom anna vedteke at planane skulle bearbeidast og lagast i PDF-fil som igjen skulle danna grunnlaget for ein papirversjon av planen.

Då sakene om høyringsutkasta låg på bordet til behandling onsdag, vart det vedteke å leggja begge planane ut på høyring i perioden 30. mars til 27. april.

Her kan du lesa saksdokumenta.

Her er opptak av møtet på kommune-TV.