LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skapa nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar.

Ill.foto: Landhockeyturnering i Ålfoten. - Klikk for stort bileteIll.foto: Landhockeyturnering i Ålfoten. Foto: Ålfoten LivOGLyst

Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.

Programmet gir lokalsamfunna og innbyggjarane sjølv moglegheit til å utvikla heimstaden sine til ein betre stad å bu og vera. Dette kan vera eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Gjennom eit LivOGLyst-prosjekt kan dei saman skapa eit attraktivt og levande lokalsamfunn.

Les meir om prosjektet her.