Lunsjseminar: Smarte reiser – betre trafikkflyt

Onsdag 18. september vert du invitert til gratis lunsjseminar der du kan få god kunnskap om korleis vi kan bidra til at trafikken flyt betre. 

Frå bussterminalen på Straume - Klikk for stort bileteIll.foto

På seminaret vil du få innføring i korleis samkøyringsappen Nabogo fungerer. Denne appen er blitt ein suksess og er eit bidrag til å redusera personbilar i trafikken. Dette vil igjen gje betre trafikkflyt.

På seminaret vert det også gjeve status i prosjektet God flyt som skal bidra til betre trafikkflyt, særleg i anleggstida for Sotrasambandet fram til 2027. Kommunestyret har vedteke ein tiltakspakke på om lag 50 tiltak som skal bidra til betre flyt i trafikken.

Seminaret, som er eit samarbeid mellom Miljøløftet og Øygarden kommune, vert opna av ordførar Tom Georg Indrevik. 

Det vert servert bagettar, kaffi og te.

Les meir om seminaret her og meld deg på.