Mange røystar på førehand

Bjørn Hagenes er ein av dei som har funne vegen til eitt av dei tre innbyggartorga og biblioteka i Øygarden og røysta på førehand. Pr. 31. august er det registrert 4 258 førehandsrøyster, inklusive tidlegrøyster.
- Eg røysta når eg først var på ein handletur på senteret, seier Hagenes som tok turen innom vallokalet i Sund Senter.

Bjørn Hagenes slepp røystesetlane i valurna.  Helga Søvik ser til at alt vert gjort slik det skal gjerast. - Klikk for stort bileteBjørn Hagenes slepp røystesetlane i valurna. Helga Søvik ser til at alt vert gjort slik det skal gjerast.

Pr. 31. august er det kome inn 76,2 prosent fleire førehandsrøyster enn på same tidspunkt som for fire år sidan (2019). Då hadde det kome inn 2 416 førehandsrøyster 10 dagar før valet. 4 258 førehandsrøyster så langt i år utgjer 14,1 prosent av dei røysteføre. I 2019 var det totalt 5 835 som røysta på førehand.

Bjørn Hagen har alltid røysta til lokalvala eller stortingsvala.

- Det bør folk gjera. Det hjelper ikkje å klaga etterpå om du ikkje har røysta. I år har eg skifta parti, så får vi sjå, seier han.

Valfunksjonærar i Skogsskiftet; Helga Søvik og Tor-Ivar Krogsæter. - Klikk for stort bileteValfunksjonærar i Skogsskiftet; Helga Søvik og Tor-Ivar Krogsæter.

Det var Tor-Ivar Krogsæter og Helga Søvik som sat som valfunksjonærar i Sund då vi var innom tidlegare i veka. Veljarane får god innføring i korleis dei skal gå fram når dei skal røysta.

- Det er jamt sig med folk som vil røysta på førehand, seier dei.

Hugs at siste frist for å røysta på førehand er fredag 8 september klokka 17.00 på Sartor Storsenter og 8. september klokka 15.30 på Rong Senter og Sund Senter.


Tekst og foto: Vigleik Brekke