Markerte 22. juli: Vi må aldri gløyma

- For å forhindra at eit 22. juli skjer igjen, kan me aldri tillata oss å gløyma historia. Det sa leiar i AUF Vestland, Noah Amundsen Sellevoll, under 22. juli-markeringa ved minnestøtta ved Stranda skule måndag føremiddag. Øygarden kommune var representert ved fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen.

Leiar i AUF Vestland, Noah Amundsen Sellevoll la ned blomekrans ved minnestøtta. - Klikk for stort bileteLeiar i AUF Vestland, Noah Amundsen Sellevoll la ned blomekrans ved minnestøtta.

I dag er det 13 år sidan regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya vart utsette for to store terrorangrep. 77 personar mista livet i angrepa for 10 år sidan. 69 av dei drepne deltok på sommarleiren på Utøya.

Ein av dei som mista livet var Monica Didriksen frå tidlegare Sund. På samlinga på måndag deltok mellom anna Ruben Håvik frå Øygarden. Han var også sommarleiren i 2011, men overlevde. Han koordinerte markeringa.

- Det er svært viktig at vi minnast denne dagen, seier Ruben Håvik.

Også fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen understreka at dette er noko vi ikkje må gløyma og at det er viktig å markera denne dagen. Ho la ned krans på vegner av Øygarden kommune.

I talen sa Noah Amundsen Sellevoll at det er viktig at både dei noverande generasjonane, men også dei framtidige, forstår at terrorangrepa 22. juli ikkje var tilfeldige.

- 22. juli var ikkje eit uhell. 22. juli var ikkje ei ulukke. 22. juli var eit målretta terrorangrep på AUF og Arbeidarpartiet, motivert av høgreekstreme krefter. Då har vi alle eit felles ansvar i å aldri gløyma, sa han.

Ruben Håvik og Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bileteRuben Håvik og Anita Garlid Johannessen

Han understreka at den viktigaste reiskapen vi har mot alle former for hat; er å vera raus, at vi stiller opp, inkluderer kvarandre og skapar eit varmt fellesskap for alle.

-    For å forhindra at eit 22. juli skjer igjen, kan me aldri tillata oss å gløyma historia. Det skal ikkje vera dei få sidene i læreboka som skal vera det unge hugsar. Me må også våga å snakka om det. Difor må me lova oss sjølv at me aldri må teia, og at me aldri må gløyma, sa AUF-leiaren.

På minnesamlinga deltok elles Ingvild Skaar (lokalpolitikar Øygarden), Stian Davies (fylkesvaraordførar Hordaland fylkeskommune), leiar i Askøy Ap, Benjamin Jacobsen, Sverre Bungum og Lisbeth Milsted.

Tekst:  Vigleik Brekke
Foto: Anita Garlid Johannessen og Stian Davies.