Markerte 22. juli

Laurdag føremiddag vart det markert at det er 12 år sidan terrorangrepet mot regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya.
- Det er like ufatteleg i dag, som det var i 2011, at ei terrorhandling kunne skje i Noreg, og at det fekk slike gruvsame konsekvensar, sa fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg før ho la ned blomar ved minnestøtta ved Stranda skule.

Fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg la ned blomar ved minnestøtta ved Stranda skule. - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg la ned blomar ved minnestøtta ved Stranda skule.

Frå AUF Vestland talte Oda Medhus. Ho er kandidat for Arbeidarpartiet i Eidfjord i kommunestyrevalet i september.

Selsvold Nyborg understreka at 77 personar frå 14 til 56 år mista livet under angrepet i 2011 og at det var mange som fekk livsvarige skadar. Ein av desse var 18 år gamle Monica Iselin Didriksen frå tidlegare Sund.

- Ho ville vore 30 år i dag hadde ho fått leva. Vi tenkjer særleg på familien og vener som stod henne nær, og som framleis kjenner på tapet, på sorga og saknet. Ein annan familie som mista dotter si på Utøya seier at «Dei har måtta kjempa seg gjennom åra etter terrorangrepet, og at dei framleis gjer det». Slik er det nok for alle familiar som vart råka av denne forferdelege terrorhandlinga. Det vert ei livslang sorg og sakn.

Oda Medhus frå AUF Vestland talte også under markeringa. - Klikk for stort bileteOda Medhus frå AUF Vestland talte også under markeringa.

Den fungerande ordføraren sa at det har kome eit klarare og sterkare krav frå AUF og frå dei som overlevde at dei må bli lytta til.

- Dette er det viktig å gjera, for ei terrorhandling vil ha påverknad i alle fasar av livet, og dette må vi vita meir om som samfunn. Slagordet «Aldri meir 22. juli» er like viktig no som i 2011, sa Selsvold Nyborg.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Åse Gunn Husebø