Markerte «overgang» for brannvernet
Frå 1. april vert Øygarden brann og redning som kommunalt føretak avvikla. Frå same dato vert Brann og redning ei eining organisert under HR og organisasjon. I dag (31. mars) vart dette markert.
Fredag møtte kommunedirektøren og kommunalsjef for HR og organisasjon dei tilsette på brannstasjonen.
Kommunedirektør Johnny Breivik og kommunalsjef for HR og organisasjon, Anne-Merete Vabø Haugane, møtte opp på brannstasjonen og ønskte brannvernet velkomen som ei eining i kommunen.
- De vil nok ikkje merka så mykje til dette, men vi kunna utvida kompetansen på kryss og tvers for å styrkja brannvernet. Ambisjonen er å hjelpa andre i kommune og å utvikla eit fagmiljø meir enn eit føretak. I fellesskap skal vi byggja samfunnstryggleiken for øygardssamfunnet, sa Johnny Breivik til dei tilsette som var samla på brannstasjonen på Ågotnes fredag.
Yngstemann, lærling i brannførebygging Emil Helle (18) fekk æra av å ta det første kakestykket.
Det er 17 heiltidsstillingar i brannvernet i Øygarden, medan det er 58 deltidsstillingar. Brann og redning vert no ei eining under HR og organisasjon der Anne-Merete Vabø Haugane er kommunalsjef.
- Eg er kry av å verta leiaren dykkar. Det er fint å møta rolege og sindige folk her ute. Eg er interessert i dette og veldig glad i folk, sa kommunalsjefen som forsikra forsamlinga om at ho ikkje skal verta brannmann/dame.
Brann- og redningssjef Bjørn Olav Paulsen viste til at denne eininga vert no saman med HR, service og Tryggleik. Han starta med å seia at det var ein kjekk dag i går (30. mars) då kommunestyret både gjorde vedtak om å kjøpa ny mannskapsbil og godkjente brannvernavtale ny brannbil, kan det kanskje verta skriven kontrakt i juni, sa Paulsen.
Her er fleire bilete:
Publisert 05.04.2023 22.35