- Marknaden forventar dette

Tysdag føremiddag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Malermester Morten Bjarnoll AS. Det var dagleg leiar Paal Bjarnoll som tok imot sertifikatet.

Dagleg leir Paal Bjarnoll tok imot sertifikatet på vegner av bedrifrta - Klikk for stort bileteDagleg leir Paal Bjarnoll tok imot sertifikatet på vegner av bedrifrta.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Malermester Morten Bjarnoll starta verksemda på Kolltveit i 1985. I 2019/2020 flytta verksemda til Ågotnes. Det er 14 tilsette i firmaet som hadde ein omsetnad i fjor på om lag 14 millionar kroner.

- Vi har både næringsaktørar og privatpersonar som kundar. Øygarden er det viktigaste kundegrunnlaget, men vi har oppdrag i heile bergensregionen. På denne tida er det mest oppdrag utandørs, seier Paal Bjarnoll som innimellom underviser i yrkesteori for dei som skal ta fagbrev.

Firmaet har jamt over eín eller to lærlingar. 

- Vi gler oss over at etter kvart har kome fleire kvinner i bransjen, seier den daglege leiaren.

Han vil gjerne rosa søstera Charlotte Bjarnoll som har hatt ein viktig ansvar i arbeidet med å få firmaet miljøsertifisert.

- Vi arbeider med å redusera transportkostnadene, og dermed utsleppet, ved at leverandørane leverer varer direkte til arbeidsplassane. Vi har el-bilar og samlar målarrestar/spesialavfall på ein tank som vert henta av BiR. Marknaden forventar at vi er miljøsertifisert, seier Paal Bjarnoll.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over at stadig fleire bedrifter i Øygarden vert miljøsertifiserte.

- Det er viktig å ta dette ansvaret, også med tanke på dei komande generasjonane, seier han.

 

Tekst og bilete: Vigleik Brekke