Meir enn eit bygg

- Boss er ein ressurs, og gjenvinning er svært viktig for utviklinga. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik då han klipte snora ved det inngangen til det nye bygget til Franzefoss i Knarrvika på onsdag. Sigba Eigedom er byggherre og leiger bygget ut til Franzefoss.

Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora. Til høgre; anleggssjef René Wickman - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik klipte snora. Til høgre; anleggssjef René Wickman

Franzefoss handterer alle typar avfall frå industri, næringslivet, bygg, anlegg og offshore. Målet er å omforma mest mogleg av avfallet til råvarer for material- eller energigjenvinning. På anlegget i Knarrvika er det seks tilsette; fire operatørar og to administrative stillingar.

Tom Georg Indrevik sa at kommunen er avhengig av at det lokale næringslivet er villig til å satsa.

- Det gjev skattepengar frå privat sektor. Vi vert ikkje rikare enn summen av dei verdiane vi skapar. No er dette området utvikla til eit moderne industriområde med vekst og utvikling, sa ordføraren.

Bygget har kosta om lag 42 millionar kroner. 

Anleggssjef René Wickman talte på vegner av Franzefoss. Han rosar samarbeidet med byggherren Sigba Eiendom og understreka at dette er meir enn berre et bygg.

- Saman med byggherre Sigba Eigedom er bygget nøye designa for at vi skal opera trygt, kontrollert og godt innanfor rammene av både løyve og gjeldande lovkrav frå Statsforvaltaren og andre styresmakter, sa han.

Det nye bygget ligg i industriområdet i Knarrvika. - Klikk for stort bileteDet nye bygget ligg i industriområdet i Knarrvika.

Ringen er slutta

Wickmann viste til at farleg avfall som vert handtert her i Knarrvika går vidare til Heidelberg i Brevik. Heidelberg brukar avfallet som energi/brensel til sementproduksjonen. CO2 frå sementproduksjonen vert fanga og ført med skip til Øygarden og deretter frakta i røyr og lagra 2 600 meter under havet.

- Dette er ei verdikjede der ressursutnytting, klimaomsyn og samarbeid går hand i hand, sa han.

I løpet Av 2026 forventar Franzefoss at tre tusen tonn farleg avfall i stykkgods vil gå gjennom den nye hallen. 

- Det seier noko om både volum, ansvar og den tilliten vi er heilt avhengige av frå dykk som kundar og partnarar, sa anleggssjefen. 

Driftsleiar Ronnie Pedersen er svært godt nøgd med det nye bygget. - Klikk for stort bileteDriftsleiar Ronnie Pedersen er svært godt nøgd med det nye bygget.

Driftsleiar Ronnie Pedersen seier at bygget er eit stort løft med tanke på arbeidsmiljøet.

- Det er målesensor i taket som varslar brannvesenet direkte om det utviklar seg varme, brann eller andre utslepp. Det vi sorterer her i hallen vert levert til 12 – 15 ulike mottak. Her tar vi imot alle typar avfall med unnatak av eksplosiv og radioaktivt avfall, seier driftsleiaren.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefos - Klikk for stort bilete
Frå opninga av nytt bygg til Franzefoss - Klikk for stort bilete


 Tekst og foto: Vigleik Brekke