Mellombels bortfall av kommunal veterinærvakt for smådyr

Det vert ikkje kommunal veterinærvakt for smådyr utanom dei ordinære opningstidene til veterinærklinikkane frå sundag 13. september kl. 08.00 til fredag 18. september kl. 08.00.

Hund - Klikk for stort bilete Øygarden kommune

Øygarden kommune er med i eit samarbeid med Bergen, Askøy og Bjørnafjorden kommune om veterinærvakt.

Dersom du treng veterinærhjelp til hund, katt eller andre smådyr utanom ordinær opningstid, må du kontakta veterinærklinikkane direkte for å høyra kva tilbod dei har.

Hald dykk oppdatert på nettsidene til Bergen kommune om eventuelle endringar.