- Middagskvil forlengjer livet

Jubilanten Karine Johanne Oddekalv er klar på kva som skal til for å passera 100 år.
- Ein god middagskvil og aktivitet har bidrege til at eg har oppnådd denne alderen, meiner den klartenkte Karine Johanne. Onsdag denne veka feira ho 100-årsdagen saman med vener på Fløirestauranten.
 

Det var stas å få besøk av ordførar Tom Georg Indrevik. I midten styrar på Straume bu- og servicesenter Helen Ågotnes. - Klikk for stort bileteDet var stas for Karine Johanne å få besøk av ordførar Tom Georg Indrevik. I midten styrar på Straume bu- og servicesenter Helen Ågotnes.

På fredag troppa ordførar Tom Georg Indrevik opp på Straume bu- og servicesenter og overrekte blomar til den fysisk og psykisk spreke jubilanten.

Ordføraren har som vane å spørja kva som skal til for å oppnå denne høge alderen.

- Eg har alltid likt å vera i aktivitet. Det er viktig å bruka kroppen, men det også viktig å ta tid til kvile. Helsa er ikkje som før, men i det store og heile har eg hatt ei god helse. Eg takkar Gud kvar dag for at eg er oppegåande, seier ho.

Karine Johanne vaks opp som einebarn på garden Oddekalv i Solund i Sogn. I 1949 fekk ho ei dotter. Som åleinemor budde ho i heimbygda fram til ho var 45 år. Då flytta ho til Bergen og jobba med fiskematproduksjon på Bontelabo. Ho budde ein periode i Sandviken, seinare på Skjold. 

I midten av 1980-åra flytta ho til Nøtterø i Vestfold og budde der nær barn og barnebarn.  I slutten av 1990-åra flytta dottera og familien hennar vestover til Sotra. Karine Johanne flytta etter og budde ein periode på Vågaleitet og seinare på Instamyra. Dottera døde i 2002. 

Dei fem siste åra har Karine Johanne budd på Straume bu- og servicesenter. Det er mange generasjonar etter 100-årsjubilanten. No har ho to barnebarn, fem oldebarn og to tippoldebarn. 

Jubilanten er mellom dei som har teke ny teknologi i bruk. Ho sender gjerne SMS til vener og familie. Men ho manar oss til å unngå overdriven bruk av desse elektroniske dippeduttane. 

- Eg har det godt her. Eg får jamt besøk familien, og eg følgjer godt med ved å lesa aviser. Eg tykkjer ordføraren og dei andre politikarane har gjort mykje bra for innbyggjarane i kommunen. Sjølv om det er godt med minne vil eg seia; gløym fortida, lev i notida og draum om framtida, seier Karine Johanne Oddekalv.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Heidi Reisegg Endal