Frå snorklippinga under den offisielle opninga på tysdag. Per Griwell (direktør for Francaise and partner Hotels) og Ernst Einarsen i Sartor Holding (til høgre) heldt i snora. På biletet er også Astrid Aag, Sartor Holding.Det var ordførar Tom Georg Indrevik som stod for den offisielle opninga. Han var iført bunad og grunngav det med at han for 24 år sidan opna eit hotell han dreiv i Eidfjord.
På markeringa kvelden før understreka han kor viktig det er at nokon vågar satsa. Ifølgje ordføraren er dette den første hotellopninga sidan 1700-talet. Han viste til det han har sagt før om at her skal vi byggja det mest attraktive senteret i Skandinavia.
- Det kan vi gjera saman med private aktørar. Det handlar om langsiktig planlegging, tverrpolitisk semje gjennom felles ambisjonar og lojalitet til tidlegare vedtak og godt samarbeid mellom politikk, administrasjon og private aktørar. Utan hotell vil kystbyen verta komplett, sa ordføraren.
Hotelldirektør Sølvi Lange framfor inngangen til romma.- Dette har vi tru på
Det var mange som hadde teke turen til Sotraplassen og det nye hotellet på den offisielle opningsdagen. Wenche Nordås frå Kleppe sør i kommunen sit saman med vennen Oskar Mikkelsen frå Blomvåg og kosar seg med ein kopp kaffi og eit kakestykke.
- Det er heilt topp at vi har fått dette hotellet. Eg meiner det absolutt er behov for eit hotell i dette området. Denne markeringa måtte vi ha med oss, seier han.
Wenche har også tru på at det er kundegrunnlag for dette hotellet.
- Gjestene er nær eit butikksenter, kino, restaurantar, turområde og kan vera med på aktivitetar tett opp til hotellet, seier ho.
Wenche Nordås og Oskar MikkelsenBreitt kundegrunnlag
Hotelldirektør Sølvi Lange seier at det er bra belegg på hotellet allereie og mange har tinga rom for sommaren.
- Det er gjerne næringslivskundar, familiar og folk som er her knytt til sport. Det er kjøken på romma, og mange set pris på at dei kan laga til mat sjølv. Det er mykje liv her i området med forretningar, kino og bowling. Det har overraska oss positivt at så mange vil bruka hotellet i samband med konfirmasjon og bryllaup, seier hotelldirektøren som har ein stab på 18 personar.
Thon Partner Hotel Straume er eigd og drive av Sartor Holding AS. Det er inngått partnarsamarbeid med Thon Hotels.
Hotellet har 54 rom som alle er utstyrte med kjøken. Romma er mellom 32 og 52 kvadratmeter store. Det er 13 husvære/leilegheiter for opptil seks personar. Konferansesalen rommar inntil 120 personar.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Marianne Furheim, Berit Anita Knudtsen Larsen og Vigleik Brekke