- Miljøsertifisering er viktig

Torsdag denne veka overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Lønningen & Nilsen AS i Tellnes Næringspark.
- Det er eit konkurransefortrinn å kunna føra opp at vi er miljøfyrtårnsertifisert, seier dagleg leiar og eigar Inge Fjæreide. 

Ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) overrekte miljøfyrtårnsertifikatet til dagleg leiar Inge Fjæreide. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik (til venstre) overrekte miljøfyrtårnsertifikatet til dagleg leiar Inge Fjæreide.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Inge Fjæreide starta som malar i Sotra Maling og Gulv i 1979. Seinare vart namnet endra til Lønningen & Nilsen AS. Fjæreide kjøpte seg opp i selskapet og vart eineeigar frå 2009. Selskapet har 22 tilsette og har ein årleg omsetnad på mellom 25 og 28 millionar kroner.

- Selskapet har gått på plussida og har pr. i dag ein solid ordrereserve. Vi har samarbeid med store entreprenørar i området og leverer mest til industri og større utbyggingsprosjekt, seier Fjæreide.

For å verta miljøfyrtårnsertifisert må det gjennomførast ei rekkje tiltak.

- Pr. dato er 66 prosent av bilparken elektrifisert. Vi praktiserer kjeldesortering og har avtale med Norsk Gjenvinning om å levera inn maling som ikkje vert nytta. Også malingsspanna vert levert inn etter at dei er tørka, seier Inge Fjæreide.


Tekst og foto: Vigleik Brekke