Milliardinvestering innan vatn, avlaup og overvatn i løpet av 12 år

Kommunestyret har godkjent kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn 2023-2035. I løpet av 12 år er det planar om investeringar på over eín milliard kroner. Kommunestyret var samla til møte tysdag.

Espen Harkestad (Ap) fekk tilslutnad til eit framlegg om p vurdera utbyggingstakten i samsvar med renteheving og den økonomiske situasjonen elles - Klikk for stort bileteI saka om kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn fekk Espen Harkestad (Ap) tilslutnad til eit framlegg om å vurdera utbyggingstakten i samsvar med renteheving og den økonomiske situasjonen elles.

Totalt investeringsvolum i planperioden er rekna til 456 millionar kroner for vatn og 322 millionar kroner for avløp. I tillegg er det satt opp ein årleg «sekkepost» for sanering for vatn og avløp på 144 millionar kroner og 112 mill. for sanering av vass- og avløpsleidningar i planperioden. Til saman vert dette investeringar for vel eín milliard kroner. 

Det er det kommunalt eigde aksjeselskapet ØyVAR som har utarbeidd planen. Planen set mål og strategiar for arbeidet i planperioden og gjer klart kva utfordringar som ligg føre. Ansvaret for oppfølging av innhaldet i planen er tillagt både ØyVAR og kommune.

Tiltakslista til planen er sjølvkostfinansiert og vil ikkje har direkte innverknad på kommuneøkonomien utover at prognose for auka gebyrsatsar også vil gjelda for kommunale bygg og anlegg.

Espen Harkestad i Arbeidarpartiet sa at dette er ein god og detaljert plan og at det er gjort eit godt arbeid av kommunen og ØyVAR. Han var likevel litt uroa for kva abonnentane må betala. På vegner av Arbeidarpartiet fremja han eit tillegg som fekk full tilslutnad i kommunestyret. Der heiter det at «ein må vurdera utbyggingstakten i samsvar med renteheving og den økonomiske situasjonen elles. Om gebyra vert for høge på grunn av høg utbyggingstakt, kan det gå ut over både tilknyting og betaling».

Vedtok uttale om endring av utlendingslova

Kommunestyret slutta seg også til kommunedirektøren sitt framlegg til uttale om endringar i utlendingslova. Hovudsynspunktet til kommunen er at drift av mottak bør fortrinnsvis utførast av ideelle eller private aktørar med nødvendig kompetanse, erfaring og kapasitet. Det går også fram av uttalen at dagens system tufta på frivilligheit og samarbeid er best eigna til å løysa utfordringar over tid og at forslaget slik som dette bryt med prinsippet om kommunalt sjølvstyre.

Etter ein lengre debatt røysta kommunestyret først over eit forslag frå Frp (PDF, 79 kB) om at forslaget frå departementet er svært inngripande i det kommunale sjølvstyret at eit innkvarteringstilbod for asylsøkjerar bør skje gjennom frivilligheit og dialog. Forslaget fekk fem røyster og fall. 

Eit forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet (PDF, 31 kB) fekk heller ikkje fleirtal. Dette framlegget sluttar seg til forslaget frå Justis- og beredskapsdepartementet om mellombels endring i utlendingslova, men har ein del «påpeikingar». Forslaget til uttale frå Arbeidarpartiet fekk 12 røyster og fall. 

Til sist vart kommunedirektøren sitt framlegg samrøystes vedteke.

Gruppemøte før avrøysting om uttale om endring av utlendigslova. - Klikk for stort bileteGruppemøte før avrøysting om uttale om endring av utlendigslova.

Jobbar vidare med ekstremsportveke

Kommunestyret vedtok at Øygarden kommune skal arbeida vidare med planane om ekstremsportveke etter modell med tilskotsordning. 

Administrasjonen har gjennomført ein mogleheitstudie saman med Visit Bergen og Øygarden næringsutvikling KF. Moglegheitsstudien viser mellom anna at Øygarden har nokre av dei beste klatrefelta i Nord-Europa. På vatn- og vindsportområdet er det aktive miljø i heile Sotra-området, men ikkje minst på Glesvær. Moglegheitsstudien viser at arrangementet kan føra til auka turisme og meir aktivitet i reiselivsnæringa og gje idretten ei plattform for rekruttering og gje utøvarar inspirasjon til å visa seg fram. I det vidare arbeidet er det aktuelt å utarbeida eit forprosjekt. Det er sett av 150 tusen kroner til tiltaket i budsjettet for 2024.

Kvalitetsmelding for grunnskulen

Kommunestyret tok kvalitetsmeldinga 2022-2023 til orientering. For å betra tilhøva til barn og unge vert det sett inn både målretta tiltak for barn og familiar med dei største utfordringane og generelle tiltak som kjem alle til gode. Plan for det førebyggjande arbeidet i kommunen er ein del av dette. I vedtaket heiter det mellom anna at skulane skal framleis halda fokus på og leggja til rette for eit trygt og godt skulemiljø for alle. Arbeidet med «Trygg i fellesskap» skal styrkjast og vidareutviklast. 

Ein skal også styrkja arbeidet med å redusera fråværet, uønskt skulefråvær og skulevegring. Kommunen skal vidare bidra til at det finst organiserte fritidsaktivitetar og sosiale arenaer for alle barn og unge og at det skal gjevast psykisk helsehjelp til barn og unge og tilbod om rettleiing til foreldre i utsette familiar. Det skal leggjast til rette for meir praktisk undervisning i skulen. Døme på dette kan vera uteskule der matematikk vert gjort om til praktisk matematikk, koding og praktisk estetiske fag i klasseromma.

Prioriterte spelemidlar

Kommunestyret vedtok prioritering av spelemidlar til handling- og prioritetsliste for idrett og fysisk aktivitet. På lista som vert rullert for 2024 er Spildahallen (tre tiltak) sett øvst med 10,8 millionar kroner. Vidare følgjer kunstgrasbane på Spildepollen (2,7 millionar kroner) og rehabilitering kunstgras på Nesmyra med 1 million kroner og garderobebygg på Ågotnes idrettsanlegg med 2,3 millionar kroner.

Når det gjeld nærmiljøanlegg for 2024 er det som førsteprioritet sett opp orienteringskart, Telavåg med 178 tusen kroner, orienteringskart Glesvær 126 tusen kroner og multibane Foldnes skule med 300 tusen kroner på tredjeplass. Det er Vestland fylkeskommune som tildeler spelemidlar.

Startar arbeidet med bygging av fiskerilager 

Det vart vedteke å starta opp arbeidet med å byggja fiskerilager i Porsvika. Det var opphavleg sett av 10 millionar kroner til prosjektet. Etter anbodsrunde viser det seg at det rimelegaste tilbodet har ei kostnadsramme som er 4,1 millionar kroner over budsjettramma. Meirkostnaden vert dekt av unytta midlar sett av til ny skule på vestsida i 2023. Totalkostnaden for prosjektet inklusive meirkostnaden vert dermed 14,1 millionar kroner. Lageret skal leigast ut til kystfiskarar for lagring av utstyr. 

Stoppar planar om ny veg på Blom

Det vart vedteke å ikkje gå vidare med planprosessen om ny veg mellom Blom og Energiparken. Vidare arbeid med planlegging av ny Dale bru, må vurderast når det er avklart om vegstrekninga blir omklassifisert til riksveg i komande Nasjonal transportplan (NTP). I gamle Øygarden vart det i 2019 laga planprogram for denne vegstrekninga. Planprogrammet viste fem ulike forslag til trasear. Vestland fylkeskommune var negativ til alle dei fem skissert alternativa. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at han finn til lite formålstenleg å bruka ressursar og arbeida vidare med alternativ som noverande vegeigar ikkje kan slutta seg til. Dette slutta altså kommunestyret seg til.

Strategiplan for oppfølging av lovbrot

Kommunestyret vedtok strategiplan for tilsyn og lovbrotsoppfølging slik han ligg føre. Strategiplanen gjev oversikt over mål og prioriteringar for tilsyn og lovbrotsoppfølging etter plan og bygningslova. Planen gjer også greie for organisering, ressursar, finansiering, rutinar og rapportering. Planen gjeld fram til 31. desember 2025.

Vedtok samarbeidsavtale med samfunnssikkerhetens hus

Kommunestyret vedtok den framlagde avtalen mellom Øygarden kommune og Samfunnssikkerhetens hus, Bergen kommune.  Formålet er å formalisera partane sitt samarbeid og støtte til gjennomføring av oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap. Iverksetjing av samarbeidsavtalen legg til grunn vedtak i Bergen bystyre.

Politisk delegeringsreglement for kommunestyreperioden 2023-2027 

Kommunestyret vedtok reglement for delegering av politisk mynde til politiske utval og kommunedirektør slik det ligg føre.

Etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og Venstre vart det vedteke at kommunestyret skal godkjenna framlegg til justeringar og formelle endringar, for å syta for at reglementet til ei kvar tid er i samsvar med dei vedtak om delegering som vert fatta, samt justeringar som er nødvendige som følgje av endringar i lover, forskrifter og andre føresegn.

Administrasjonen skal melda opp saker som gjeld dispensasjon til frådeling av nye eigedomar og dispensasjonar som gjeld naust som referatsak til plan- og miljøutvalet. Endringane i delegeringsreglementet skal evaluerast innan utgangen av 2024.

Vedtok reglement for møte i folkevalde organ 

«Reglement for møte i folkevalde organ for perioden 2023-2027" vart vedteke slik det ligg føre.

Møteplan for utval og nemnder 2024

Møteplan 2024 for råd og utval vart vedteken slik han ligg føre med merknad om at møte i valutvalet den 8. mai 2024 (kl. 16.30) bør flyttast då dette er dagen før Kristi himmelfartsdag.

Alkoholpolitisk handlingsplan

Kommunestyret vedtok prosess for revidering av alkoholpolitisk handlingsplan for perioden
2024 – 2028. Etter planen skal planen vera klar til sluttbehandling i mars/april 2024.

Kvartalsrapportar og finansrapportar

Kommunestyret tok kvartalsrapport for 2. kvartal og 3. kvartal og finansrapport for 2. og 3. kvartal til orientering.

Når det gjeld kvartalsrapport for 3. kvartal, vart det vedteke eit tillegg med 29 mot 16 røyster. Fleirtalet var samansett av Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, og Venstre.

Øygarden har mange viktige oppgåver å løysa i framtida, med utbygging av skular, eldreomsorg, barnevern og fysisk infrastruktur. Dette vil ikkje vera mogeleg utan at vi greier å forbetra økonomien i kommunen. Det er trong for å få kontroll med utgiftene og vidareføra inntektene som kommunen har. Vi vil politisk ta sterkare grep om denne utviklinga. Det vil difor vera ønskjeleg å følgja den økonomiske utviklinga tettare.  

Kommunestyret vil be om ordninga med at formannskapet får lagt fram lagt en status rapport pr. månad som viser utviklinga innan for de ulike områda. Det skal til denne rapporten følgje en nøkkeltals rapport som blant anna kan innehalde kan innehalda lønnsutgifter, vikarutgifter minus statleg sjukelønsrefusjon, kjøpte tenester, energiutgifter, renteutgifter, rammetilskot, skatteinntekter, finansinntekter, netto driftsutgifter, tal unge på sosialhjelp, arbeidsledige og tal som mottar sosialhjelp.

Kommunedirektøren får i oppgåve å leggja fram endeleg forslag til nøkkeltal til formannskapsmøte 19. desember. Alle meirinntekter inklusive skatt , utover vedtatt budsjett, skal disponerast av formannskapet.

Moglege strakstiltak ungdomskriminalitet

Kommunestyret drøfta eit notat frå kommunedirektøren knytt til ei utvikling dei siste åra med auka  utfordringar i kriminalitet, psykisk helse og rusbruk blant barn og unge, og særskild innan ungdomsfeltet. Fleire unge enn tidlegare er i søkelyset til politiet, og unge eksperimenterer med rus heilt ned i 13 års alderen. I notatet står det at særleg straumeområdet og Sartor storsenter har for mange blitt ein opphaldsstad som fører med seg mykjenegativ og til dels kriminell åtferd.

Det var stort engasjement då kommunestyret drøfta saka. Det vart peika på behovet for deltaking i det førebyggjande arbeidet, ansvar til foreldra, oppvekstvilkår, arbeidet mot utanforskap, psykisk helse.
Kommunestyret tok saka til orientering, men ber om eit utvida notat som viser økonomisk behov utover det som går fram av notatet.

Måndag kveld var dei yngste i kommunestyret (20-35 år) ute på middag saman med ordførar Tom Georg Indrevik. Han ville gjerne snakka med den yngste delen av kommunestyret. Frå venstre; Ole Iben P. Vårdal (H), Andreas Ormevik (MDG), Tom Georg Indrevik (H), Synne Nordøy (H), Josefine G. O. Hellesund (KrF), Anita Garlid Johannessen (varaordførar Frp), Rebekka S. Moldøen (Ap) Elisabeth Lie (R), Jonas A. foldnes (SV), Georg Kleppe (INP og Mathilde Sæle (R). - Klikk for stort bileteMåndag kveld var dei yngste i kommunestyret (20-35 år) ute på middag saman med ordførar Tom Georg Indrevik Han ville gjerne snakka med den yngste delen av kommunestyret om det å vera folkevald. Frå venstre; Ole Iben P. Vårdal (H), Andreas Ormevik (MDG), Tom Georg Indrevik (H), Synne Nordøy (H), Josefine G. O. Hellesund (KrF), Anita Garlid Johannessen (varaordførar Frp), Rebekka S. Moldøen (Ap) Elisabeth Lie (R), Jonas A. Foldnes (SV), Georg Kleppe (INP) og Mathilde Sæle (R).

Vil ha direkteruter

Fylkesdirektøren i Vestland fylke har presentert budsjettet for 2024 der det mellom anna er føreslått å ta vekk direkteruter/ekspressruter frå omlandskommunane til Bergen.

Øygarden kommunestyre vedtok å senda inn høyringsuttale til fylkesdirektøren sitt forslag til budsjett 2024 slik:

Øygarden kommunestyre viser til fylkesdirektøren sitt forslag om å kutta direkteruter/ekspressruter
frå omlandskommunane til Bergen. Dette vil ramma tilbodet til reisande frå knutepunkt i Øygarden,
langs folketette korridorar, inn mot Bergen sentrum og mot Bergen sør. Bygging av nytt
Sotrasamband er godt i gang, og det er forventa at dei trafikale utfordringane vil nå toppen våren
2024. Kutt i direkteruter vil såleis kunna medverka til både at fleire vel bil, noko som er i motstrid
med overordna mål, men og til ei forverring av ein allereie krevjande trafikksituasjon i
området. Øygarden kommunestyre ber fylkestinget å gjera om forslaget til Fylkesdirektøren og sikra at tilbod med direkteruter/ekspressruter vert vidareført.

Val

Det vart gjort ei rekkje val til nemnder, råd og utval. Resultata av vala vil gå fram av møteboka som vert lagt ut om kort tid. Her er lenkje til saksdokumenta til kommunestyret 28. november.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Folkevaldopplæring

I regi av KS (fellesorganisasjon for kommunane) vart det gjennomført folkevaldopplæring heile måndag og tysdag fram til ordinært kommunestyremøte starta klokka 14.00 (tysdag).

Tema var kva det var å vera folkevald, samspelet mellom folkevalde, planarbeid, samspelet med administrasjonen og samspelet med lokalsamfunnet, (foto: Kjell Andersland).

Her er fleire bilete frå folkevaldopplæringa:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke