Til skulestart i august skal prosjektet, med unnatak av gymnastikksalen, vera fullført. Dei siste månadene har elevar og lærarar hatt ein unntakstilstand der undervisning og bygging skjer side ved side. Den siste tida har ein berre hatt tilgang til fem av 14 klasserom.
Men med godt ver og mykje bruk av uteskule, har det gått forbløffande bra.
- Det var litt forstyrrande når vi hadde delte klasserom. Vi har oppdaga litt maur i veggene. Men det har gått greitt, seier Sandra som gler seg litt meir enn vanleg til skulestart på oppussa skule i august.
- Vil du få nytt klasserom når du skal ta fatt på sjuande trinn?
- Ja, eg veit eg skal få nytt klasserom, men eg veit ikkje kva klasserom vår klasse skal få. Vi har hatt ganske mykje uteskule. Det er meir leik når vi har undervisning ute. Eg har det fint som elev her på Kolltveit med gode vener og snille lærarar, seier Sandra Rodrigues.
Sandra Rodrigues (kl. 6b) og rektor Odd Erik Kjeldstad
Pølser og is
Prosjektleiar Øyvind Eide i Torsbygg AS og prosjektleiar i kommunen, John Ivar Friborg, stod for grillinga av pølser til dei tilsette. Litt tidlegare på dagen fekk elevane is.
- Vi pussar opp heile hovudbygget innvendig i tillegg til gymnastikkbygget. Det har vore eit kjempegodt samarbeid med skulen. Vi har dagleg utveksling og finn gode løysingar, seier Eide. Friborg nytta høvet til å takka alle for godt samarbeid i byggjeperioden.
Rektor Odd Erik Kjeldstad rosar også entreprenøren for eit framifrå godt samarbeid der ein skal kombinera bygging og undervisning.
- Samarbeidet har gått knirkefritt. Dette prosjektet gjev oss nytt personalrom og stor oppgradering for praktisk estetiske fag som skulekjøken, musikk og kunst og handverk. Lærarane får også nye kontorarbeidsplassar der kvart klassesteg får kvar sitt rom, seier rektoren som ikkje kan rosa medarbeidarane, elevane og entreprenøren nok for at ein har lukkast så godt med dette prosjektet.
Dei vaksne fekk grilla pølser.
Cecilie Rong, som er kontaktlærar for 7. klasse, seier at det har vore ei svært positiv haldning under byggjeperioden.
- Her er fin stemning uansett kva som skjer. Vi har eit godt arbeidsfelleskap og stor velvilje både hjå leiinga, lærarane, foreldra og elevane, seier ho.
Prosjektet har ei ramme på om lag 20 millionar kroner.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kolltveit skule og Vigleik Brekke