Minneord etter Egil Haaland

Politikar i tidlegare Fjell kommune og no Øygarden, Egil Haaland, er død 73 år gamal. Vi hugsar Egil som ein tydeleg og lyttande politikar. Våre tankar går først og fremst til dei næraste.

Egil Haaland - Klikk for stort bileteEgil Haaland Vigleik Brekke

Egil Haaland representerte Arbeidarpartiet og sat i kommunestyret i Fjell i perioden 2015-2019. Han var også medlem i kommunestyret i Øygarden frå 2019 til 2023. Egil var leiar i eldrerådet i denne valperioden, der han representerte Pensjonistforbundet, fram til han i vinter sa i frå seg vervet på grunn av sjukdom. Han har også hatt nokre andre verv i råd og utval på vegner av Arbeidarpartiet.

Egil Haaland var ein aktiv, solid og ryddig politikar som har vore med på å utvikla det samfunnet vi har i dag. Vi opplevde han som tydeleg, men også lyttande og open for å inngå samlande løysingar. Med sitt sympatiske og vinnande vesen var det alltid godt å samarbeida med Egil. Latteren sat også laust.

Dei seinare åra engasjerte han seg særleg for saker som gjaldt seniorar og dei eldre. Aktiv+ har mykje å takka Egil for. Han stod på så lenge han kunne, og han leia sitt siste eldrerådsmøte i januar i år.

Vi lyser fred over det gode minnet etter Egil. 
 

Tom Georg Indrevik
ordførar